Tübingen, Bismarckturm og Mainau

Greetings from Germany! Byrjar å bli ei stund sidan sist eg blogga no. Det har gått ganske mykje i eitt sidan sist. Eg har hatt mykje å gjere i tillegg til at eg vart sjuk med halsbetennelse. Er heldigvis betre no og har fått medisinar for det, men å vakne med verk i halsen i to veker er ikkje akkurat det kjekkaste til no under utvekslinga. Heldigivs har eg gjort mykje anna som er mykje kjekkare enn vere sjuk.

Laurdag for to veker sidan reiste me til Hohernzollern slott og Tübingen. Hohenzollern slott ligg i delstaten Baden-Württemberg ca 50. km frå delstatshovudstaden Stuttgart. Slottet har fått namnet sitt frå fyrstehuset Hohenzollern som budde her til 1945. Faktisk er slottet framleis eigd av Hohenzollern-familien. Som de ser var det ganske ok utsikt frå slottet.

Det var langt og bratt å gå opp til Hohenzollern. Klarte heldigvis å stille opp på ein selfie sjølv om eg var litt sliten.

Etter Hohenzollern reiste med til universitetsbyen Tübingen. Me fekk ei lita omvisning der. Eg veit eigentleg ikkje heilt kor me var, men eg hugsar at me var inni i ei protestantisk kyrkje som eg likte veldig godt. Den var enkel og stilrein. Mange andre sa at kyrkja var keisam, men det er fordi at protestantiske kyrkjer generelt er mykje mindre pynta enn katolske. Fokuset skal vere på bodskapen og ikkje på pynten. Dessverre har eg ikkje nokre bilete frå kyrkja, men eg har heldigvis nokre bilete av sjølve byen.

Det kjekkaste i Tübingen var punting. Me fekk vere med på tur i ein punt-båt og såg byen frå vatnet. Det første biletet er tatt frå den turen. I starten syntest eg det var skikkeleg skummelt, for kvar gong nokon rørte på seg kjentes det ut som om båten skulle kantre. Eg roa meg heldigvis litt ned etterkvart, kanskje fordi nokon påpeika at det var ca. ein meter ned til botnen… Dessverre har eg ikkje nokre gode bilete frå puntinga.

Torsdag for litt over ei veke sidan gjekk me nok ein gong til Bismarckturm for å sjå solnedgangen. Det som var spesielt denne dagen var at me hadde utsikt heilt til Alpene. Det var mykje vakrare enn det ser ut som på biletet. Altså, å kunne sitje å sjå på solnedgangen på eine sida og Alpene på andre sida og byen rett framfor deg, det er berre heilt magisk. Me må nyte det så lenge me kan før det blir for mykje skodd og regn. 

Då me sat og såg utvoer Alpene og solnedgangen og byen, kom me på at me kunne jo ta turen til Sveits. Ein liten kveldstur liksom. Me tok derfor bussen ned til sentrum og gjekk forbi LAGO, kjøpesenteret i Konstanz, og over grensa. Her er eit bilete av meg som er to stader på ein gong:

Me gjekk oss ein liten tur i Kreuzlingen, den sveitsiske byen som ligg rett ved Konstanz, før me gjekk tilbake for å finne oss litt mat i Tyskland. Me var alle samde om at det hadde vore ein fin tur til Sveits. Her er eit bilete av oss då me var ved Bismarckturm:

Dette er Alexandria og Tom forresten. Dei kjem i frå Storbritannia begge to og er generelt veldig greie folk å henge med. Dei kjem garantert til å dukke opp meir på bloggen framover.

Dagen etter det vakna eg opp med ganske vond hals, men tenkte: “Jaja, ikkje ulikt dei dagane som har vore. Eg får kome meg på skulen.” Akkurat denne dagen skulle me på ekskursjon til Birnau. Eg var optimistisk, for eg liker ekskursjonar og eg liker tyskklassen min. Dessverre vart eg berre dårlegare og dårlegare utover dagen, og det enda eigentleg opp med å bli ei ganske kjip oppleving. I løpet av dagen tok me buss til havna, båt til Überlingen, buss til Birnau. Så var me ved Birnau i to timar. Etter det gjekk me i 30 minutt, hadde piknik i 30 minutt, gjekk i 20 minutt, venta på bussen i 30 minutt, tok bus til Meersburg og ferje frå Meersburg til Konstanz. Så venta det to bussar derfrå og heim til meg.

No er det kanskje mange som lurer på kva Birnau er sidan eg ikkje har nemnt det før no, men berre klaga over turen. Birnau er ei rokoko-kyrkje (usikker på om det skal vere bindestrek eller eitt ord… Unnskyld viss dette er feil). Utanpå ser kyrkja ut som eit rådhus eller eit lite slått, men inni ser den veldig ut som ei katolsk rokoko-kyrkje. Eg lærte i alle fall kva rokokostil er, og unnskyld alle som synest det er fint, men eg klarer berre ikkje denne stilen. Det er berre kaos og null rette linjer. Det er null geometri. For å sitere tyskteksten eg skreiv etter ekskursjonen: “Kva skjedde då dei tenkte at kaos er finare enn tydelege, geometriske linjer?” Google “Birnau Bodensee” så får de sjå kyrkja.

Heldigvis var området rundt kyrkja veldig fint, og ikkje minst båtturen syntest eg var forfriskande. Dessverre var eg ikkje i form til å ta gode bilete, så det blir ikkje lagt ut noko her på bloggen frå det.

Etter me reiste til Birnau føler eg det har skjedd ganske mykje, men eg grunnen til det er at eg har vore i så dårleg form at kvar gong eg har gjort noko har eg gitt meg sjølv eit klapp på skuldra for at eg klarte å kome meg ut. To av tinga som har skjedd er at eg har drukke ein god kaffi på Doe Vita Coffee Shop og ete Schnitzel på Turm.

Viss nokon synest det ser ut som om eg drakk av kaffien før eg tok biletet, er nok det dessverre sant. Eg beklager veldig at eg var så amatørmessig og ikkje tenkte på bloggen før meg, og det skal ikkje gjenta seg. Til gjengjeld ser schnitzelen og dei steikte potetene akkurat ut som då eg fekk det servert.

På fredag var siste dag på språkkurset. Den siste veka har vore hektisk med mykje å gjere, særleg sidan eg vart sjuk (no har eg gjentatt det mange nok gonger). Heldigvis hadde eg ein grei lærar. Eg synest sluttresultatet vart bra trass alt. Det eg har lært best trur eg må vere å skrive godt tysk. For eit par månadar sidan orka eg ikkje ein gong tanken på å skrive ein epost til nokon på tysk, men no har eg gjort det òg.

Den siste turen eg skal oppdatere dykk på er turen til Mainau i går. Mainau blir ofte kalla “Die Blumeninsel Mainau”. Grunnen til det er rett og slett at det er mange blomar der og ikkje minst mange skulpturar laga av blomar. Her er ein påfugl laga av blomar:

Det mest spennande med Mainau var likevel ikkje blomane, men sommarfuglane. Dei har eit eige sommarfuglhus! Eg elskar sommarfuglar, og det var heilt fantastisk å sjå så mange på ein og same stad. Mange av dei var mykje større enn dei eg har sett før, og dei hadde fargerike, fine vinger.

Her er eit bilete av meg og fossen i sommarfuglhuset. Godt å kjøle seg litt ned i eit hus med tropevarme.

I slutten av dagen gjekk me til slottet på Mainau for å ete Apfelstrudel (det var det dei andre som åt) og drikke kaffi. Det første biletet i dette blogginnlegget er frå solnedgangen på Mainau i går. Den var meir enn ok+.

Eg innser at eg må byrje å blogge oftare slik at innlegga ikkje blir så lenge med så mange bilete. Det som skjer framover er at me reiser til Zürich på måndag og til Stuttgart frå torsdag til fredag. Veka etter der kjem familien på besøk. Godt med litt ferie fram til førelesingane startar 23. oktober.

Håpar alt er bra i Norge og at ingen går rundt der og forgiftar matvarene. Det er ein mann som har prøvd å forgifte babymat her nede. Han seier han vil halde fram med det i hele Europa om han ikkje får 117 millionar euro. Mange koselege folk her.

Skrivast snart!


2 thoughts on “Tübingen, Bismarckturm og Mainau

Kommenter