Utvekslingskluss og utvekslingsglede

Hei, bloggeeeeeen!

Tulla… Startar på nytt.

 

Hei!

Den siste tida har det skjedd både lite og mykje. Lite fordi eg for det meste har vore heime. Mykje fordi det plutseleg vart ein del å fikse rundt utvekslinga.

Det mest dramatiske som har skjedd – viss eg kan kalle det dramatisk – var at eg oppdaga desse setningane her på Universitetet i Konstanz sine nettsider: “For Erasmus+ students, the original nomination determines the duration of the exchange period (1 or 2 semesters). An extension beyond this is not possible.”

Eg er heilt sikker på at eg hadde oppdaga dette tidlegare om det stod der tidlegare. Planen har heile tida vore å ta to semester, men starte med eitt for å sjå korleis det går. Då eg snakka med tilsette på UiO sa dei at det mest sannsynleg ikkje ville bli noko problem å utvide perioden. Så ser eg desse setningane om at i Konstanz er det ikkje mogleg for utvekslingsstudentar som reiser via Erasmus+ (noko eg gjer) å utvde noko utover den perioden eg nominert for.

Eg var ei lita stund heilt sikker på at eg måtte legge ein ny plan og flytte til ein ny stad i Tyskland til eit nytt universitet etter eit halvt år. Eg sat og såg på Augsburg, Hannover, Potsdam og fleire andre stader berre for å førebu meg på å kanskje måtte forlate Konstanz. Det var ikkje dei beste dagane i sommar… Samstundes klarte eg å gløyme det litt då eg var i Oslo første helga i august. Å sitje på landsstyremøte i KrFU og planlegge korleis Norge og verda bør vere i framtida er ein god måte å få tankane over på noko anna.

Heldigvis ordna det seg. Eg sendte epost til utvekslingskoordinatoren for Erasmus-avtalar på SV-fakultetet. Ho sendte epost til Konstanz, og Konstanz fiksa ei utviding til eitt semester til. No er det fiksa. Eg får berre finne meg i at eg er låst til Konstanz fram til juli neste år. Hurra!

 

Ein annan kul ting: Eg har fått meg ein buddy.

Det høyres rart ut, men det betyr berre at fadderprogrammet i Konstanz (buddy program) har funne ein fadder til meg som kan hjelpe meg med å kome til rette i Konstanz når eg kjem fram. Altså ein buddy. Me har vore i kontakt, og eg har blitt lova at eg skal få hjelp til å kome meg bort der eg skal bu.

 

Elles er det mange epostar som skal sendast, mange dokument som skal skrivast ut, mange søknadar som sakl fyllast ut og mykje anna eg må fikse no rett før eg reiser. Viss du lurer på kva som er meint med papirmølle, kan eg tilrå eit utvekslingsopphald i Tyskland kor dei treng papir (i papirformat!) på alt!

 

Det som har skjedd utanom utvekslingsplanlegging kan i stor grad illustrerast ved Instagram-bilete:

  • Eg har strikka min første genser,og det er ein #linelangmogenser. Smilet mitt gjekk nesten rundt då eg var ferdig og fekk prøve den på:
  • Eg har strikka tre huer, to som var vellukka og ei som ikkje var fullt så vellukka:

#fail Kan trøste meg med at hua ser fin ut når den ikkje er på hovudet mitt… #heimelaga

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

  • Eg har rydda i gamle albumar og funne gamle bilete:
  • Eg har byrja å gå tur etter frukost. Hels på den nye vennen min, Shaun:

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

  • Eg har vore i Oslo. Då tok eg bilete av operaen fordi eg ikkje hadde noko anna å gjere på sundagskvelden:

Leikte turist i går kveld. Klarte ikkje å bestemme meg for kva bilete frå Operaen eg likte best…

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

 

Framover blir det berre endå meir utvekslingsplanlegging. Eg gler meg veldig til å kome i gang med sjølve utvekslinga, men kjenner at eg er nervøs og at det kriblar i magen òg. No håpar eg berre alt kjem i orden før eg reiser.

Forresten kikka eg innom bloggen til Caroline Berg Eriksen i dag. Ho planlegg allereie selskapet til dottera som har bursdag i september. Kjenner eg er veldig skuffa over at ingen lager temabursdag til meg, og eg har jo faktisk bursdag før Caroline Berg Eriksen jr. nr. 2. Eg veit at litteraturtema eller “kom-som-ein-departementsbyråkrat”-tema ikkje er så veldig spenstig, men hallo liksom!

Det var alt for i dag.

Snakkes bloggeeeeen!

Tulla…

Snakkes!

Heilskapleg politikk inspirert av kristne verdiar

Debatten om kristne verdiar i politikken manglar ein mellomposisjon. Ikkje alle som bygger politikken sin på religion blandar religion og politikk slik enkelte hevdar.

Det er mykje snakk om kristne verdiar for tida. Det starta med ein diskusjon mellom Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug i VG: Kva parti bør ein stemme på om ein er oppteken av kristne verdiar. Så gjekk Vedum ut i NRK og gav uttrykk for at han ikkje ville kaste seg inn i kampen om kristne veljarar. Han åtvara òg mot å blande religion og politikk.

Eg er glad for at Vedum ikkje kastar seg inn i ein kamp om kristne veljarar, men ikkje fordi eg trur at det kan gi fleire veljarar til KrF. Eg trur Vedum i likskap med meg ser at det blir noko krampaktig over det når parti som til vanleg ikkje har ein ideologi basert på kristendommen skal prøve å vinne veljarar på grunnlag av kristne verdiar.

 

Me kan la oss inspirere til å bygge eit samfunn kor verdiar frå bibelen får vere avgjerande for politiske vedtak. Det er det Kristeleg Folkeparti gjer.

 

Religion og politikk

Kva han meiner derimot med ”blande religion og politikk” er eg litt meir usikker på. Viss han meiner at ein ikkje skal bruke politikk for å regulere forholdet ein person har til Gud, eventuelt ikkje har til nokon Gud, er eg samd. Det er ikkje opp til politikarane å seie om nokon er frelst, om nokon følger dei ti bod eller for den saks skuld ber fem gonger om dagen.

Det politikarar likevel kan gjere er å bygge politikken sin på verdiar med grunnlag i religion. Me kan la oss inspirere til å bygge eit samfunn kor verdiar frå bibelen får vere avgjerande for politiske vedtak. Det er det Kristeleg Folkeparti gjer.

Den kristne trua består av to relasjonar: Relasjonen til Gud og relasjonen til medmenneska. Relasjonen til Gud er ikkje noko politisk. Ingen kan føre ein politikk berre for dei som er frelst, og ingen kan krevje at nokon skal ha ein relasjon til Gud.  Relasjonen vår til medmenneska våre derimot handlar ein del  om politikk. Ein stor del av måten me interagerer med kvarandre på er regulert politisk. Denne politikken kan vere inspirert av kristne verdiar.

 

Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP i Oslo føreslo politikk som hadde ført til at Listhaug ikkje kunne gått med korset sitt om ho var tilsett i Oslo kommune?

 

Heilskapen

Likevel meiner eg at ein føresetnad for at politikk inspirert av kristne verdiar skal vere vellukka er at politikken er bygd på ein heilskap. Den kristendemokratiske ideologien er eit døme på dette. På andre sida kan me sjå politikarar som bruker kristne verdiar i enkeltsaker for å trekke til seg veljarar. Ein politikk kor kristne verdiar berre blir trekt fram akkurat når det passar er ikkje ein politikk basert på kristne verdiar. Det er vêrhanepolitikk.

Det er vêrhanepolitikk når Sylvi Listhaug snakkar om at innvandring kan truge kristne og norske verdiar og bruker dette som argument for å ikkje ta i mot fleire. Ho bruker det fordi det gagnar henne og hennar politiske standpunkt. Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP i Oslo føreslo politikk som hadde ført til at Listhaug ikkje kunne gått med korset sitt om ho var tilsett i Oslo kommune? Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP stemte for fosterreduksjon og sa ja til aktiv dødshjelp, eggdonasjon og tidleg ultralyd i programmet sitt?

Eg meiner Knut Arild kan stå med rak rygg i valkampen og seie at partiet som er opptekne av kristne verdiar er KrF. Me er opptekne av heilskapen, og all politikken vår har grunnlag i ein kristendemokratisk ideologi. Når me seier ja til fleire lærarar er det fordi me trur alle menneske fortener å bli sett fordi dei har eit ibuande menneskeverd. Når me seier nei til å konsekvensutrede Lofoten, Vesterålen og Senja, er det fordi me trur me har eit ansvar for å forvalte jorda. Og når me seier at me vil hjelpe flyktningar både der dei er og her i Norge, er det fordi me har ein politikk bygd på nestekjærleik. Menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er alle verdiar inspirert av kristen tru.

Politikk kan byggast på kristne verdiar utan at det er blanding av religion og politikk, men å bruke kristne verdiar i enkeltsaker fordi det passar blir berre krampaktig.

Bilete: Wikimedia

Først publisert på Verdidebatt.no 28. juli 2017