La Faten bruke hijab

Det er dumt det er hijaben til Faten og ikkje viktigheita av at fleire deltek i demokratiet som blir diskutert før ”Faten tar valget” går på lufta.

Mange ser ut til å meine at saka om at Faten Mahdi al-Hussaini får bruke hijab på programmet ”Faten tar valget” eigentleg  handlar om den fire år gamle ”krossnekt”-saka. Eg meiner det er langt frå så enkelt at me kan trekke inn at Siv Kristin Sællmann for fire år sidan vart beden om å ikkje bruke kross på grunn av klager frå TV-sjåarar. Den saka er ferdig, noko òg hovudpersonen sa i eit intervju med VG i 2015.

Dessverre ser det ut til at mange er av ei anna oppfatning. Det har kome så mange klager på at al-Hussaini får bruke hijab på eit NRK-program at det har blitt den saka Kringkastingsrådet har fått flest klager på nokon gong. I fleirtalet av klagene blir det trekt fram at Sællmann i 2013 fekk beskjed om å ikkje ha på seg kross medan al-Hussaini no får bruke hijab.

Hadde det berre vore forskjellsbehandlinga som vart tatt opp på generelt grunnlag, kunne eg forstått litt av kritikken. Dessverre gjer mange denne saka til ein del av den private, internettbaserte kampen deira mot islam. I følge Thor Gjermund Eriksen har NRK fått epostar som ikkje eignar seg på trykk.

Realiteten er at alt for mange nordmenn lever i lukka ekkokammer kor Merete Hodne, Hege Storhaug og andre islamfiendtlege røyster nesten er like store profetar som det Muhammed er i islam. I deira røynd eksisterer det ein kamp mellom det norske, kristne eller vestlege mot islam og muslimar. At ein person som frontar eit NRK-program får bere hijab blir berre nok eit teikn på at islam er i ferd med å vinne kampen.

No skal ikkje alle som har klaga bli tatt til inntekt for dette synet. Eg håpar ein del berre er opptekne av den prinsipielle skilnaden mellom å nekte krossbruk, men tillate hijab. Men viss ein skal følge same logikken vil hijabnekt denne gongen igjen kunne føre til at andre religiøse symbol, som til dømes ein kross, ikkje får vere synlege neste gong.

Eg kjøper argumentasjonen til NRK i denne saka. ” Serien handler bare om hennes personlige oppfatninger og hun representerer kun seg selv som velger”, seier Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK. Det Faten Mahdi al-Hussaini gjer i ”Faten tar valget” er ikkje veldig forskjellig frå det politikarar som Knut Arild Hariede, Hadia Tajik og Torbjørn Røe Isaksen gjorde i programmet På bortebane. Dei var programleiarar i kvar sine episodar og reiste rundt for å bli utfordra på eigne ståstader. Spørsmåla som vart reist rundt programmet handla mest om Hareide, Tajik og Røe Isaksen kunne blande rolla politikar og programleiar på denne måten, men dei kritiske spørsmåla då var ingenting i nærleiken av stormen mot NRK og ”Faten tar valget” nå.

”Jeg kommer til å få kritikk fordi jeg håndhilser på menn, fordi jeg stikker meg frem, fordi jeg går med hijab, fordi jeg mener mye. Jeg er for norsk for minoritetsmiljøene og for mye utlending for det norske miljøet, jeg passer ikke helt inn noen steder. Jeg står i konstant spagat mellom to svært ulike kulturer, og det er mange som meg.”

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske

Dette sa Faten Mahdi al-Hussaini til Aftenposten då dei intervjua henne om programmet. Ho hadde rett i at ho ville få kritikk for å bruke hijab. Kor mykje trur eg ingen kunne ane. Det som uansett er sikkert er at al-Hussaini gjer ein viktig jobb når ho skal prøve å inspirere unge til å stemme ved valet i september. Ikkje minst kan det bety mykje for dei med innvandrarbakgrunn eller som sjølv er muslimar å sjå at demokratiet er for alle og at det finst politikk for alle.

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske, mellom religion og det sekulære samfunnet og ikkje minst mellom menneske. Eg synest det er godt å sjå programleiarar som ope står fram og viser at dei er religiøse. Det viktigaste er ikkje kva dei som frontar TV-program på NRK har på hovudet, men kva dei har i hovudet.

 

Først publisert på Verdidebatt.no 24. august 2017 og i Vårt Lands papiravis 25. august 2017

Bilete: Frå Vårt Lands papiravis 25. august 2017

Ingen sit med fasiten i nikab-debatten

Dei beste grunnane for forbod mot ansiktsdekkande plass i undervisningssituasjonar er òg nokre av dei beste mot, og derfor er det vanskeleg å hevde at nokon sit med heile fasiten.

Måndag 12. Juni 2017 kunne me lese i fleire aviser at regjeringa sender ut forslag på høyring om å forby heildekkande hovudplagg på alle skular, høgskular og universitet. Sjølv om det er formuleringa ”ansiktsdekkende plagg” som er brukt, er det få som trur at dette dreier seg om at elevar dukkar opp med finnlandshette på skulen. ”– Ansiktsdekkende plagg som for eksempel nikab og burka hører ikke hjemme i norsk skole,” sa fungerande invandrings- og integreringsminister Per Sandberg. For det er nettopp det forbodet handlar om: Muslimske elevar og studentar skal ikkje få bruke nikab og burka viss fleirtalet i Stortinget stemmer for lovforslaget til regjeringa.

Dette er ei sak kor det vil vere arrogant å hevde at ein har heile fasiten. Resultatet kan ikkje målast i kroner og øre. Den enkle grunnen til dette er at det handlar om verdiar. Sjølv har eg ikkje konkludert med kva eg meiner om lovforslaget til regjeringa, og i denne saka trur eg ein god dose tvil er sunt. Tvilen inviterer til grundig tankeverksemd før ein konkluderer. Det gir rom for å ombestemme seg og innrømme at argumenta på begge sider har noko for seg.

Dei beste grunnane for lovforslaget er òg nokre av dei beste mot. Til dømes er nikab og burka eit forsvinnande lite problem i Norge. Eit forbod mot desse plagga i undervisningssituasjonar vil ramme svært få og er difor ikkje eit veldig inngripande forbod. På den andre sida kan ein seie at det ikkje trengs eit nasjonalt forbod mot eit så lite problem. Kvifor vedta eit nasjonalt forbod som nesten er overflødig? I tillegg kan ein innvende at det ikkje trengs eit nasjonalt forbod når det er mogleg å forby bruk av slike plagg lokalt. På den andre sida, kva skilnad gjer det for dei det gjelder at forbodet er vedteke lokalt i staden for nasjonalt?

I diskusjonen om lokale forbod eller eit nasjonalt forbod er det mykje som talar for at det bør vere eit nasjonalt forbod. Til dømes har det vist seg fleire gonger at behovet for å forby ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar ikkje har dukka opp før problemstillinga har vore reell. Dermed har kanskje ein elev eller student allereie starta med studia før forbodet har kome. Kva er då det verste alternativet: Seie frå starten av at det er ulovleg å bruke ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar, eller å vedta eit forbod fordi nokon som har ansiktsdekkande plagg har starta på eit universitet eller ein vidaregåande skule? I tillegg gir eit nasjonalt forbod større legitimitet. Sidan det er skulane og universiteta som sjølv handhever forbodet, kan det vere godt å vite at dei har støtte frå høgste hald når dei må forby elevar og studentar å kome med ansiktsdekkande plagg.

På den andre sida kan me ikkje legge skjul på at det er noko illiberalt i å ville regulere kva klesplagg andre skal bruke, uansett om det er i ein undervisningssituasjon eller ikkje. Trass i dette verkar det ikkje som om alle parti er like tilbakehaldne med det. Same dag som forslaget om forbod mot ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar kom, gjekk stortingsrepresentant for FrP, Erlend Wiborg ut og sa at forbodet må utvidast. Ikkje berre skal det vere forbod mot ansiktsdekkande plagg på skular, høgskular og universitet. Det same burde gjelde for resten av det offentlege rom, meiner Wiborg. Eit slikt forbod har allereie blitt vedteke i Frankrike, og Den europeiske menneskerettsdomstolen har sagt at dette ikkje er i strid med menneskerettane. Men sjølv om eit forbod ikkje er i strid med menneskerettane, betyr det ikkje at ein må innføre eit forbod for å følgje menneskerettane. Om det skulle kome eit generelt forbod mot ansiktsdekkande plagg i offentlege rom med tida, vil det truleg effekten vere den motsette av det som er tilsikta. Kor skal dei som bruker slike plagg, som følgje av undertrykking, søke hjelp om dei ikkje kan vere ute i offentlege rom?

Erlend Wiborgs forslag om utvida forbod illustrerer godt kvifor eg er i tvil om forslaget til regjeringa: Kor lang tid går det før me innfører endå fleire restriksjonar på religiøse klesplagg, som til dømes hijab i skulen. Då snakkar me ikkje lengre om eit forbod som er nødvendig for å kunne sjå ansikta til kvarandre. Eit slikt forbod vil grense mot det illiberale etter mi meining.

Kanskje handlar debatten om ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar djupast sett om religionsfridom. Er lovforslaget til regjeringa først og fremst eit forbod mot det me ikkje liker? Kor skal grensene for religionsutøving gå, og ikkje minst kor skal grensene for innblanding frå politikarane gå? Slike spørsmål er viktige å ta med seg i religionsdebatten, men endå viktigare er det å la spissformuleringar vike for refleksjon og erkjenning av at ingen av oss sit på heile fasiten.

 

Bilete: Wikimedia

Først publisert på Verdidebatt 16. juni. Siste halvdel av innlegget publisert i Vårt Lands papiravis under tittelen “På grensa mot det illiberale”