Fleire kvinner må behalde etternavnet sitt

Det er på tide at likestillinga viser seg òg i val av etternamn.

Etter bryllaupet til Harry og Meghan har det vært debatt på sosiale medier om bryllaupstradisjonar som frå dagens perspektiv kan verke kvinnediskriminerande og gammaldags. I motsetning til mange andre ønsker eg ein slik debatt velkommen av den grunn at eg trur det er klokt å reflektere over tradisjonane våre og ikkje berre gjere ting utan å tenkje over kva som ligg bak. For meg er det likevel eit tema eg synest me burde diskutere langt meir enn kva som skjer på sjølve bryllaupsdagen: etternamn. Det er trass i alt ganske viktig for oss som ikkje kan kalle oss hertug eller hertuginne når me blir gift.

Statistikk frå SSB at berre seks prosent av mennene vel å skifte etternamn. Til samanlikning vel ein tredjedel av kvinene som giftar seg å bytte etternamn, og ein tredjedel vel å behalde etternamnet sitt som mellomnamn og bruke mannen sitt som siste etternamn.

Sjølv har eg eit ganske uvanleg etternamn. Me er berre ni med det namnet, og alle fire som har moglegheit til å føre det vidare, er jenter. På grunn av dette har eg alltid blitt fortalt at viss namnet skal overleve, må eg velje å behalde det og helst få mannen til å ta etternavnet òg eller gi etternamnet til eventuelle barn. Ikkje som mellomnamn, men som siste etternamn.

Eg har fortalt fleire om dette, og det er ikkje sjeldan eg får reaksjonar som:

«Godt eg ikkje skal gifte meg med deg» eller «Hæ, er du seriøs?»

Mange har gitt uttrykk for at det er rart, uvanleg eller rett og slett heilt urimeleg å krevje at eg skal behalde Hæåk som siste etternamn når eg ein gong forhåpentlegvis blir gift. Andre har sagt: «Ja, det blir jo meir og meir vanleg at damene behaldar sitt og berre legg på mannen sitt etternamn til slutt», men så blitt overraska når eg har sagt at eg ikkje kjem til å legge på noko namn.

I slutten av 2016 uttalte Julianne Nygård, betre kjent som Pilotfrue, til VGTV at det er kvinnene som bør føye seg og skifte etternamn når dei giftar seg. Ho synest det var ei fin og romantisk «greie» og viste tilhøyrsle til mannen. Vidare sa ho at det er tradisjon og at det trass i alt er mennene som frir (noko som er veldig nytt i norsk samanheng og absolutt ikkje sjølvsagt), og difor er det «riktig» å ta namnet til mannen uansett.

At det er så få menn som vel å skifte etternamn og så få kvinner som vel å behalde sitt eige, stadfestar at det er mange som tenkjer på same måte: Å ta mannen sitt etternamn er riktig. Ifølge Line Førre Grønstad, stipendiat ved Universitetet i Bergen, tar mange menn det for gitt at dei skal behalde etternamnet sitt heile livet, medan mange kvinner er opne for endring. Sjølv mennene som er født etter 1980, då Norge fekk ei kjønnsnøytral namnelov, ser ut til å forvente at dei skal ha same namn heile livet.

Etter mi meining er det ingen grunnar til å ikkje velje utradisjonelt viss ein vil det. Eg skriv ikkje dette for å kritisere dei som vel annleis enn meg. Det er heilt greitt å ta mannen sitt etternamn, så lenge ein ikkje tenkjer at det er noko ein må gjere fordi mannen krev det eller fordi det er vanleg. Men på same måte må det vere heilt greitt at mannen tar kvinna sitt etternamn eller at begge vel å behalde sine.

Alt i alt er det jo ikkje slik lengre at mannen utan vidare er «overordna» i familien. Då kvinner byrja å ta mannen sitt etternamn i Norge på slutten av 1800-talet, var ein av grunnane at mannen var sjefen i familien, og dermed var det naturleg å ta etternamnet hans.

I 2018 har likestillinga i familielivet og i samfunnet kome såpass langt at det er på tide å gå bort frå at kvinna må skifte etternamn. Samfunnet må slutte å forvente at alle par gjer det som er «normalt», og menn må gå inn i seg sjølv og forstå at heller ikkje etternamnet deira er uforanderleg.

Først publisert på Aftenposten.no 23. mai 2018 og i Aftenposten papiravis 24. mai 2018. 

Bilete: Wikimedia

Det er mogleg å vere både norsk og muslim

Ein stat som knyt religion for sterkt opp til nasjonal identitet set ikkje religionsfridomen høgt nok.

Ikkje langt frå meg ligg ein stabel med bøker om religion og nasjonal identitet. Den siste tida har eg stifta kjennskap til den britiske professoren David Miller som har skrive fleire bøker og tekstar om nasjonalitet og religion. I 2014 forsvarte han forbodet i den sveitsiske grunnlova mot å bygge fleire minaretar i landet. Argumentet hans var at muslimar som tilhøyrer ein minoritetsreligion ikkje kan ha same rett til å uttrykke religiøs tru i offentleg rom som majoritetsreligionen.

Det teoretiske grunnlaget David Miller bruker for å grunngje standpunktet sitt blir ofte kalla liberal nasjonalisme. Denne retninga framhevar kor viktig det er å ha noko felles, som til dømes kultur, verdiar og religion. Det kan verke uskyldig og nesten litt sosialdemokratisk. At me alle er ein del av ein viktig fellesskap er i seg sjølv ikkje kontroversielt å hevde. Problemet oppstår når tankane om denne fellesskapen bli ekskluderande.

 

Toleranse

I 1762 skreiv Jean-Jacques Rousseau i boka On Social Contract: «Tolerance should be given to all religions that tolerate others, so long as their dogmas contain nothing contrary to the duties of citizenship.» Denne tankegangen omkring religion er lett å kjenne igjen frå Norge i 2018. Skal samfunnet tolerere at enkelte grupperingar ikkje har dei same haldingane til seksuell orientering, abort og kvinner som det fleirtalet har? Stadig kjem det opp saker kor religiøse organisasjonar må forsvare at dei tenkjer annleis omkring visse tema. Fleire samfunnsdebattantar har i slike situasjonar stilt seg bak Rouseeau og sagt at me kan ikkje tolerere religiøse standpunkt som ikkje skaper toleranse for andre.

Dei som likevel er best på å framheve dette standpunktet er ikkje dei som møter opp i Dagsnytt atten for å debattere «det liberale dilemma» og retten religiøse organisasjonar har til å følge eige samvit. Dei som er aller flinkast på å påpeike at me ikkje kan tolerere religionar som ikkje tolerer andre er skribentane på nettsida til Human Rights Service, dei som er aktive i kommentarfeltet i «Fedrelandet viktigst» og tilhengarane til Merete Hodne.

 

Den kristne og humanistiske arven

Tanken om at nasjonal identitet og religion heng saman har fått nytt oppsving dei siste åra etter kvart som populistiske parti og politikarar har fått auka oppslutning. Milos Zeman, nyleg attvalt president i Tsjekkia, uttalte i 2016 at det er umogleg å integrere muslimar. Den nederlandske politikaren Geert Wilders sa i 2017 at islam ikkje kan sameinast med fridom og at nederlandske verdiar har grunnlag i kristendommen, jødedommen og humanismen. Liknande utsegner kan ein finne frå høgreorienterte populistiske politikarar i fleire andre europeiske land.

I den norske grunnlova står det i §2: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår». Før valet 2017 vart det nesten ein konkurranse om kva parti som var best på å framheve kristne verdiar, og nokre sette òg likskapsteikn mellom kristne og norske verdiar. Norske skuleelevar deltek i julegudstenester før jul. Me har eit parti på Stortinget som bygger ideologien sin hovudsakleg på kristne verdiar. Kva er skilnaden mellom dette og liberal nasjonalisme?

Hovudskilnaden er at me kan hevde at Norge er eit kristent land utan å ekskludere andre. Det er mogleg å seie at den kristne kulturarva skaper ein form for fellesskap mellom innbyggjarane i Norge utan å behandle religionar ulikt eller regelrett ekskludere dei. Å vere norsk og muslim treng ikkje vere meir kontroversielt enn å vere norsk og kristen sjølv om me bygger verdigrunnlaget på den kristne og humanistiske arven.

 

Islam og nasjonal identitet

Likevel finn me mange som vil knytte religion og nasjonal identitet direkte opp mot kvarandre og seie at i Norge er me kristne og ikkje muslimar. Det er ikkje nødvendigvis ei sterk kristen tru som fører til denne konklusjonen, men frykta for det Samuel Huntington i 1993 kalla «The Clash of Civilizations» i eit essay i Foreign Affairs. Han argumenterte for at det er ikkje lengre statar eller ideologigar som er i krig med kvarandre, men sivilisasjonar. Ifølge han var den vestlege sivilisasjonen ikkje mogleg å sameine med islam. Denne tankegangen finn ein stadig igjen i dag, ikkje minst i den engelske tittelen på boka til Hege Storhaug, Islam the Plague – Europe Invaded, America Beware.

Det kanskje mest paradoksale med tankegangen om ein vestleg, kristen sivilisasjon som motstykket til islam er korleis mange på den eine sida snakkar om den felles nasjonale identiteten vår og framhevar oss som ein sameint nasjon med stor grad av meiningslikskap, men på andre sida trekkjer seg tilbake i lukka forum på Facebook og melder seg ut av den offentlege debatten. Det er få ting som øydelegg fellesskapen så mykje som ekkokammer, mistenkeleggjering og hets.

Religionsfridom er heilt essensielt for eit demokrati. Retten alle har til å tru og meine det dei vil, både i det offentlege og private rom er sikra i den same grunnlova som det står at verdigrunnlaget til Norge er bygd på den kristne og humanistiske arven. David Miller sine tankar om liberal nasjonalisme, og Rousseau sine idear om religion, er vanskelegare å sameine med eit liberalt demokrati enn religionsfridom for alle, òg religionar som i enkelte saker kan verke intolerante.

Dette innlegget er eit bidrag i Vårt Land sin skrive konkurranse, “Hev stemmen” kor temaet er “moderne tro”

Først publisert på Verdidebatt.no 11. februar 2018.

Bilete: Wikimedia