Fleire kvinner må behalde etternavnet sitt

Det er på tide at likestillinga viser seg òg i val av etternamn.

Etter bryllaupet til Harry og Meghan har det vært debatt på sosiale medier om bryllaupstradisjonar som frå dagens perspektiv kan verke kvinnediskriminerande og gammaldags. I motsetning til mange andre ønsker eg ein slik debatt velkommen av den grunn at eg trur det er klokt å reflektere over tradisjonane våre og ikkje berre gjere ting utan å tenkje over kva som ligg bak. For meg er det likevel eit tema eg synest me burde diskutere langt meir enn kva som skjer på sjølve bryllaupsdagen: etternamn. Det er trass i alt ganske viktig for oss som ikkje kan kalle oss hertug eller hertuginne når me blir gift.

Statistikk frå SSB at berre seks prosent av mennene vel å skifte etternamn. Til samanlikning vel ein tredjedel av kvinene som giftar seg å bytte etternamn, og ein tredjedel vel å behalde etternamnet sitt som mellomnamn og bruke mannen sitt som siste etternamn.

Sjølv har eg eit ganske uvanleg etternamn. Me er berre ni med det namnet, og alle fire som har moglegheit til å føre det vidare, er jenter. På grunn av dette har eg alltid blitt fortalt at viss namnet skal overleve, må eg velje å behalde det og helst få mannen til å ta etternavnet òg eller gi etternamnet til eventuelle barn. Ikkje som mellomnamn, men som siste etternamn.

Eg har fortalt fleire om dette, og det er ikkje sjeldan eg får reaksjonar som:

«Godt eg ikkje skal gifte meg med deg» eller «Hæ, er du seriøs?»

Mange har gitt uttrykk for at det er rart, uvanleg eller rett og slett heilt urimeleg å krevje at eg skal behalde Hæåk som siste etternamn når eg ein gong forhåpentlegvis blir gift. Andre har sagt: «Ja, det blir jo meir og meir vanleg at damene behaldar sitt og berre legg på mannen sitt etternamn til slutt», men så blitt overraska når eg har sagt at eg ikkje kjem til å legge på noko namn.

I slutten av 2016 uttalte Julianne Nygård, betre kjent som Pilotfrue, til VGTV at det er kvinnene som bør føye seg og skifte etternamn når dei giftar seg. Ho synest det var ei fin og romantisk «greie» og viste tilhøyrsle til mannen. Vidare sa ho at det er tradisjon og at det trass i alt er mennene som frir (noko som er veldig nytt i norsk samanheng og absolutt ikkje sjølvsagt), og difor er det «riktig» å ta namnet til mannen uansett.

At det er så få menn som vel å skifte etternamn og så få kvinner som vel å behalde sitt eige, stadfestar at det er mange som tenkjer på same måte: Å ta mannen sitt etternamn er riktig. Ifølge Line Førre Grønstad, stipendiat ved Universitetet i Bergen, tar mange menn det for gitt at dei skal behalde etternamnet sitt heile livet, medan mange kvinner er opne for endring. Sjølv mennene som er født etter 1980, då Norge fekk ei kjønnsnøytral namnelov, ser ut til å forvente at dei skal ha same namn heile livet.

Etter mi meining er det ingen grunnar til å ikkje velje utradisjonelt viss ein vil det. Eg skriv ikkje dette for å kritisere dei som vel annleis enn meg. Det er heilt greitt å ta mannen sitt etternamn, så lenge ein ikkje tenkjer at det er noko ein må gjere fordi mannen krev det eller fordi det er vanleg. Men på same måte må det vere heilt greitt at mannen tar kvinna sitt etternamn eller at begge vel å behalde sine.

Alt i alt er det jo ikkje slik lengre at mannen utan vidare er «overordna» i familien. Då kvinner byrja å ta mannen sitt etternamn i Norge på slutten av 1800-talet, var ein av grunnane at mannen var sjefen i familien, og dermed var det naturleg å ta etternamnet hans.

I 2018 har likestillinga i familielivet og i samfunnet kome såpass langt at det er på tide å gå bort frå at kvinna må skifte etternamn. Samfunnet må slutte å forvente at alle par gjer det som er «normalt», og menn må gå inn i seg sjølv og forstå at heller ikkje etternamnet deira er uforanderleg.

Først publisert på Aftenposten.no 23. mai 2018 og i Aftenposten papiravis 24. mai 2018. 

Bilete: Wikimedia

Kvinner kan òg spele fotball

Gjennom heile historia har kvinner blitt fortalt kva dei ikkje kan gjere og kva dei bør gjere. Det har blitt betre, men framleis har me ein langt veg å gå.

I 2016 var det EM-fest på Kontraskjæret i Oslo. Eg var der under opningskampen mellom Frankrike og Romania. Stemninga var slik den ofte er når noko me har gleda oss til lenge startar. Litt spent på korleis det blir, mest glede fordi det endeleg er i gang og dei neste vekene blir fylt med det nokre av oss liker aller mest.

Likevel var ikkje alt fint og flott og rosenraudt. På den tyske TV-kanalen ZDF kommenterte Claudia Neumann EM-kampar som første kvinnelege EM-kommentator i historia. Ho vart møtt med kommentarar om at kvinner ikkje kan kommentere EM i fotball for menn, og fleire av tilbakemeldingane var sexistiske. I Norge har Lise Klaveness fått sin del av hetsen som ekspertkommentator for NRK. Tydelegvis kan ikkje kvinner meine noko om herrefotball, men menn kan meine noko om kvinnefotball.

Dei negative haldningane mot kvinner i fotballverda finst ikkje berre på TV og på toppnivå. Det er òg døme frå idrettslag som viser at damelaget og herrelaget i ein og same klubb har ulik status, ulike rettar, ulike pliktar og ulike støtteordningar trass i at dei speler i same divisjon. Ein gong eg snakka med ein kamerat om dette temaet vart eg møtt med: «Men fotball er jo ikkje ein kvinnesport då.»

For eigen del vart eg ikkje veldig såra av den kommentaren. Eg har ikkje spelt ein einaste fotballkamp sidan eg la opp som niåring til fordel for pianospeling. Men eg blir sint på vegne av dei som trener fleire timar nesten kvar dag for å kunne gjere det dei liker. Det er dyktige damer i Norge som reiser langt og lengre enn langt for å spele kampar og gjere det dei liker meir enn noko anna. Å bli møtt med at dei ikkje drive med dette fordi dei er kvinner og ikkje menn provoserer meg meir enn eg kanskje vil innrømme.

«Hun kan ikke gjøre mannens gjerning, og hun vil ikke gjøre kvinnens gjerning. Hva blir hun da? Hun blir et vanskapt misfoster, hun blir et neutrum», sa biskop Johan Christian Heuch for omkring hundre år sidan i debatten om stemmerett for kvinner. Stemmerett er kanskje ein meir grunnleggande rett enn retten til å spele fotball, men argumentasjonen mot stemmerett for kvinner og kvinner som speler fotball bygger på den same premissen: Det er enkelte ting kvinner ikkje kan gjere fordi dei er kvinner.

I 2015 utføre Tankesmien Agenda ei undersøking blant ei gruppe studentar kor dei såg på korleis haldningane til ein kvinneleg toppleiar og ein mannleg toppleiar varierte. Resultatet av undersøkinga viste at ein mannleg toppleiar vart sett på som ambisiøs, målretta og ein «typisk leiar» medan kvinna vart sett på som kald, egoistisk og ei dårleg mor. Særleg hos dei mannlege studentane var skilnaden på korleis dei omtalte den mannlege og den kvinnelege toppleiaren stor.

Sylvi Listhaug fekk mykje kritikk då ho på Lindmo sa at det aller viktigaste for mange kvinner er å finne riktig mann å gifte seg med. Først fekk eg hakeslepp, men då ho følgde opp med at det var viktig å velje ein mann som òg unner kona si å ha ein karriere nikka eg anerkjennande. Dessverre er det alt for mange der ute som meiner at menn heilt fint kan ha full jobb og barn medan kvinner ikkje kan det.

Tilbake i sportsverda kan me sjå at det framleis er ein lang veg å gå før kvinner og menn blir likestilt. Ikkje berre er mange flinke til å seie tydeleg i frå om kva kvinner ikkje kan gjere, som til dømes å spele fotball eller kommentere herrefotball, men i fleire idrettar har dei òg blitt redusert til eit sexy sidekick når sigersmannen blir heidra. Til dømes var det sterke reaksjonar då Sykkelforbundet bestemte seg for å droppe podiumsdamer under sykkel-VM i Bergen og heller la norsk ungdom i sykkelmiljøet dele ut medaljane. Det er få arenaer kor kvinner er meir på utstilling og mindre deltakande enn i enkelte sportsgreiner.

Håpet mitt er at ein dag kan kvinner og menn ha like rettar og moglegheiter og at det ikkje skal vere personar som seier at noko av det menn kan gjere kan kvinner ikkje gjere. Dessverre viste Global Gender Gab Report i 2017 at det vil ta 118 år før kvinner og menn er likestilte i arbeidslivet og kjønnsgapet globalt er større enn det var i 2016. Når eg ser tal som dette blir eg like provosert som når nokon seier at fotball ikkje er ein sport for damer. Ikkje berre i fotballverda, men òg i arbeidslivet og på andre arenaer er det dyktige damer som fortener å få lov til å vise kva dei er gode for. Dei har talent og kunnskap dei kan bidra med for å skape ei betre verd. Potensialet er så uendeleg stort, men strukturar gjer det framleis vanskeleg for kvinner verda over å nytte kompetansen dei har.

Me høyrer ofte snakk om å «knuse glastaket» som ein metafor for å bryte barrierar eller gjere noko kvinner før ein ikkje har gjort. Det er viktig at kvinner kjemper seg opp og fram, men minst like viktig er det at menn gjer ein innsats og endrar eigne haldningar. Til dømes kan det vere ein god start å innrømme at ikkje berre menn, men òg kvinner kan spele og meine noko om fotball.

 

Bilete: Wikimedia

Det er mogleg å vere både norsk og muslim

Ein stat som knyt religion for sterkt opp til nasjonal identitet set ikkje religionsfridomen høgt nok.

Ikkje langt frå meg ligg ein stabel med bøker om religion og nasjonal identitet. Den siste tida har eg stifta kjennskap til den britiske professoren David Miller som har skrive fleire bøker og tekstar om nasjonalitet og religion. I 2014 forsvarte han forbodet i den sveitsiske grunnlova mot å bygge fleire minaretar i landet. Argumentet hans var at muslimar som tilhøyrer ein minoritetsreligion ikkje kan ha same rett til å uttrykke religiøs tru i offentleg rom som majoritetsreligionen.

Det teoretiske grunnlaget David Miller bruker for å grunngje standpunktet sitt blir ofte kalla liberal nasjonalisme. Denne retninga framhevar kor viktig det er å ha noko felles, som til dømes kultur, verdiar og religion. Det kan verke uskyldig og nesten litt sosialdemokratisk. At me alle er ein del av ein viktig fellesskap er i seg sjølv ikkje kontroversielt å hevde. Problemet oppstår når tankane om denne fellesskapen bli ekskluderande.

 

Toleranse

I 1762 skreiv Jean-Jacques Rousseau i boka On Social Contract: «Tolerance should be given to all religions that tolerate others, so long as their dogmas contain nothing contrary to the duties of citizenship.» Denne tankegangen omkring religion er lett å kjenne igjen frå Norge i 2018. Skal samfunnet tolerere at enkelte grupperingar ikkje har dei same haldingane til seksuell orientering, abort og kvinner som det fleirtalet har? Stadig kjem det opp saker kor religiøse organisasjonar må forsvare at dei tenkjer annleis omkring visse tema. Fleire samfunnsdebattantar har i slike situasjonar stilt seg bak Rouseeau og sagt at me kan ikkje tolerere religiøse standpunkt som ikkje skaper toleranse for andre.

Dei som likevel er best på å framheve dette standpunktet er ikkje dei som møter opp i Dagsnytt atten for å debattere «det liberale dilemma» og retten religiøse organisasjonar har til å følge eige samvit. Dei som er aller flinkast på å påpeike at me ikkje kan tolerere religionar som ikkje tolerer andre er skribentane på nettsida til Human Rights Service, dei som er aktive i kommentarfeltet i «Fedrelandet viktigst» og tilhengarane til Merete Hodne.

 

Den kristne og humanistiske arven

Tanken om at nasjonal identitet og religion heng saman har fått nytt oppsving dei siste åra etter kvart som populistiske parti og politikarar har fått auka oppslutning. Milos Zeman, nyleg attvalt president i Tsjekkia, uttalte i 2016 at det er umogleg å integrere muslimar. Den nederlandske politikaren Geert Wilders sa i 2017 at islam ikkje kan sameinast med fridom og at nederlandske verdiar har grunnlag i kristendommen, jødedommen og humanismen. Liknande utsegner kan ein finne frå høgreorienterte populistiske politikarar i fleire andre europeiske land.

I den norske grunnlova står det i §2: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår». Før valet 2017 vart det nesten ein konkurranse om kva parti som var best på å framheve kristne verdiar, og nokre sette òg likskapsteikn mellom kristne og norske verdiar. Norske skuleelevar deltek i julegudstenester før jul. Me har eit parti på Stortinget som bygger ideologien sin hovudsakleg på kristne verdiar. Kva er skilnaden mellom dette og liberal nasjonalisme?

Hovudskilnaden er at me kan hevde at Norge er eit kristent land utan å ekskludere andre. Det er mogleg å seie at den kristne kulturarva skaper ein form for fellesskap mellom innbyggjarane i Norge utan å behandle religionar ulikt eller regelrett ekskludere dei. Å vere norsk og muslim treng ikkje vere meir kontroversielt enn å vere norsk og kristen sjølv om me bygger verdigrunnlaget på den kristne og humanistiske arven.

 

Islam og nasjonal identitet

Likevel finn me mange som vil knytte religion og nasjonal identitet direkte opp mot kvarandre og seie at i Norge er me kristne og ikkje muslimar. Det er ikkje nødvendigvis ei sterk kristen tru som fører til denne konklusjonen, men frykta for det Samuel Huntington i 1993 kalla «The Clash of Civilizations» i eit essay i Foreign Affairs. Han argumenterte for at det er ikkje lengre statar eller ideologigar som er i krig med kvarandre, men sivilisasjonar. Ifølge han var den vestlege sivilisasjonen ikkje mogleg å sameine med islam. Denne tankegangen finn ein stadig igjen i dag, ikkje minst i den engelske tittelen på boka til Hege Storhaug, Islam the Plague – Europe Invaded, America Beware.

Det kanskje mest paradoksale med tankegangen om ein vestleg, kristen sivilisasjon som motstykket til islam er korleis mange på den eine sida snakkar om den felles nasjonale identiteten vår og framhevar oss som ein sameint nasjon med stor grad av meiningslikskap, men på andre sida trekkjer seg tilbake i lukka forum på Facebook og melder seg ut av den offentlege debatten. Det er få ting som øydelegg fellesskapen så mykje som ekkokammer, mistenkeleggjering og hets.

Religionsfridom er heilt essensielt for eit demokrati. Retten alle har til å tru og meine det dei vil, både i det offentlege og private rom er sikra i den same grunnlova som det står at verdigrunnlaget til Norge er bygd på den kristne og humanistiske arven. David Miller sine tankar om liberal nasjonalisme, og Rousseau sine idear om religion, er vanskelegare å sameine med eit liberalt demokrati enn religionsfridom for alle, òg religionar som i enkelte saker kan verke intolerante.

Dette innlegget er eit bidrag i Vårt Land sin skrive konkurranse, “Hev stemmen” kor temaet er “moderne tro”

Først publisert på Verdidebatt.no 11. februar 2018.

Bilete: Wikimedia

#MeToo er ikkje eit resultat av seksuell frigjøring på 60-talet

Historieforteljinga som seier at seksuell frigjering har ført til overgrep og seksuelt grenseoverskridande åtferd, er ikkje sann.

Dei siste vekene har det vore mange som har skrive at grunnen til at #metoo har oppstått og i det heile tatt er naudsynt, er manglande seksualmoral og at samfunnet har gått bort kristen samlivsetikk.

Som ein del av historieforteljinga blir det snakka om før og etter 60-talet, før og etter den seksuelle revolusjonen. Før var alt bra, men så kom 60-talet og alt vart verre.

«Alt var betre før»

Det er mykje som kan seiast om seksuelle frigjering, og langt frå alt er positivt. Til dømes skreiv Eline Lund Fjæren i Morgenbladet 24. januar om idealiseringa av uforpliktande sex og stilte spørsmålet om sexlivet til unge jenter er meir disiplinerande enn frigjerande.

Fjærens refleksjonar kring temaet er viktige og viser korleis ein kan ha ei kritisk tilnærming til uforpliktande sex, men likevel avvise myten om at alt var betre før.

For det er jo nettopp det mange av kronikkskrivarane vil fortelje: At før hippiar, fri sex og Tinder var alt som det skulle vere.

Det er mykje som kan seiast om seksuelle frigjering, og langt frå alt er positivt

Grenser og respekt

Sanninga er at me kan ikkje gå rundt og tru at fram til 60-talet var alt berre fint og flott, og at overgrep var ikkje-eksisterande fordi alle følgde den kristne samlivsetikken.

Tvert i mot opplevde mange, spesielt jenter, at grensene dei sette, ikkje vart respekterte. Dei hadde ingen stad å gå og ingen å vende seg til for å seie at dei hadde opplevd overgrep. Vart dei gravide, kunne dei ikkje rekne med store støtta om dei ikkje var gifte.

I åra etter andre verdskrigen opplevde mange kvinner å sakte, men sikkert få stadig enklare liv, og at dei kunne delta i samfunnet i langt større grad enn tidlegare.

I tillegg kom p-pilla på marknaden, eit hjelpemiddel som gjorde det lettare for kvinner å sjølv bestemme kor tid dei skulle få barn og kor mange dei skulle få. Ikkje minst er det med åra blitt langt større openheit omkring seksualitet.

Fram i lyset

#metoo-kampanjen starta nettopp som ein kampanje om openheit for dei som har opplevd seksuell trakassering.

Frå starten av har det vore offera som har vore i fokus, og to små ord er blitt eit sterkt verkemiddel for å fortelje om eigne erfaringar med seksuelle overgrep.

Det er enno ein lang veg å gå, men i større grad enn før seier folk i frå når dei har opplevd valdtekt eller andre former for grenseoverskridande åtferd. Fordi dei kan rekne med å bli tatt seriøst og bli trudd på.

Det er mange årsaker til dette, og eg vil ikkje hevde at 60-talet og seksuell frigjering er grunnen til at me i dag ser ein kampanje som har hatt følger verda over.

Men historieforteljinga som seier at seksuell frigjering har ført til overgrep og seksuelt grenseoverskridande åtferd, og som legg til grunn «at alt var betre før», er heller ikkje sann.

#metoo handlar ikkje om at det skjer fleire overgrep no. Det handlar om at overgrepa kjem fram i lyset.

Først publisert på Aftenposten.no 28. januar 2018 og i Aftenposten papiravis 29. januar 2018

Bilete: Pixabay

Klokt alkoholvedtak av Arbeiderpartiet

At Arbeidarpartiet sluttar å betale for alkoholen på møta er ei smart avgjersle. Fleire parti bør følge etter.

Same kvelden som nyheita om det nye alkoholvedtaket i Arbeidarpartiet kom twitra Dagbladet-kommentator Marie Simonsen: «Den nye avholdslinjen i Arbeiderpartiet tyder på at man fortsatt ikke skjønner hva det handler om. Partiet kan ikke lage tiltak basert på Giskes oppførsel.»

Tweeten tydar på at Arbeidarpartiet forstår langt meir om kva det handlar om enn Marie Simonsen. For det første er det ikkje ei fråhaldslinje, slik Simonsen påstår, men eit forsøk på å avgrense alkoholkonsumet ved å seie at dei som vil drikke alkohol må betale for det sjølv. For det andre viser det at Arbeidarpartiet forstår at denne saka er langt større enn berre det Giske har gjort. Ved å kome med nye retningslinjer på alkohol førebygg dei liknande hendingar som kan skje når dømmekrafta blir svekka etter nokre glas for mykje.

I eit parti kor personar er samla for å kjempe for felles saker og for å nå same mål, speler ofte alder og maktposisjon ei mindre rolle. Fellesskapen kjem av at alle kjemper for same politikk og drar i same retning. Dette er verdifullt når politikk skal diskuterast, og ein møter og snakkar med personar ein kanskje elles ikkje hadde snakka med på grunn av alder og livssituasjon.

Sjølv er eg medlem i KrFU og KrF. På KrFU-arrangement er det ikkje lov med alkohol. På KrF-arrangement får du ikkje servert gratis alkohol.

Men å viske ut slike skilje i diskusjon om politikk, rettferdiggjer på ingen måte at maktpersonar ikkje er medvitne på rolla si. Det rettferdiggjer på ingen måte å viske ut aldersskilje og maktposisjon på festkvelden når alkohol blir servert. Dessverre ser det ut til at det er nettopp dette som skjer. Dette er uheldig sidan det er sjeldan det er viktigare å tenkje på asymmetriske maktforhold og aldersskilnad når alkohol er involvert.

Sjølv er eg medlem i KrFU og KrF. På KrFU-arrangement er det ikkje lov med alkohol. På KrF-arrangement får du ikkje servert gratis alkohol. Som ung politikar har det vore trygt å vite at alkohol ikkje svekker dømmekrafta til partifeller utover kvelden. Det har vore inkluderande, ikkje berre overfor dei som av ulike grunnar ikkje drikk alkohol, men òg fordi det så godt som alltid er personar under atten år på konferansane.

For meg verkar det som at Marie Simonsen og andre som kritiserer endringane i alkoholregelverket, synest me skal slå ned på seksuell trakassering og anna uønskt åtferd så lenge me ikkje rører vinglaset til politikarane. Det viser ein uvilje til å sjå at alkohol ofte er ein del av biletet. Snarare enn å bagatellisere #metoo-kampanjen blir det sett inn konkrete tiltak som konsekvens av den.

Ingenting er løyst ved å lage meir restriktive reglar for alkohol på partimøte. Asymmetriske maktforhold, kjønn og alder speler framleis ei stor rolle, og det vil vere naivt å tru at eit parti som ikkje serverer alkohol, ikkje vil oppleve seksuell trakassering. Likevel er det eit steg i riktig retning av å styrke ein inkluderande fellesskap i eit parti og få færre fulle maktpersonar som legg an på ungdomspolitikarar.

 

Først publisert på Aftenbladet.no 14. januar 2018 og i Stavanger Aftenblad papiravis 15. januar 2018

Bilete: Wikimedia

La Faten bruke hijab

Det er dumt det er hijaben til Faten og ikkje viktigheita av at fleire deltek i demokratiet som blir diskutert før ”Faten tar valget” går på lufta.

Mange ser ut til å meine at saka om at Faten Mahdi al-Hussaini får bruke hijab på programmet ”Faten tar valget” eigentleg  handlar om den fire år gamle ”krossnekt”-saka. Eg meiner det er langt frå så enkelt at me kan trekke inn at Siv Kristin Sællmann for fire år sidan vart beden om å ikkje bruke kross på grunn av klager frå TV-sjåarar. Den saka er ferdig, noko òg hovudpersonen sa i eit intervju med VG i 2015.

Dessverre ser det ut til at mange er av ei anna oppfatning. Det har kome så mange klager på at al-Hussaini får bruke hijab på eit NRK-program at det har blitt den saka Kringkastingsrådet har fått flest klager på nokon gong. I fleirtalet av klagene blir det trekt fram at Sællmann i 2013 fekk beskjed om å ikkje ha på seg kross medan al-Hussaini no får bruke hijab.

Hadde det berre vore forskjellsbehandlinga som vart tatt opp på generelt grunnlag, kunne eg forstått litt av kritikken. Dessverre gjer mange denne saka til ein del av den private, internettbaserte kampen deira mot islam. I følge Thor Gjermund Eriksen har NRK fått epostar som ikkje eignar seg på trykk.

Realiteten er at alt for mange nordmenn lever i lukka ekkokammer kor Merete Hodne, Hege Storhaug og andre islamfiendtlege røyster nesten er like store profetar som det Muhammed er i islam. I deira røynd eksisterer det ein kamp mellom det norske, kristne eller vestlege mot islam og muslimar. At ein person som frontar eit NRK-program får bere hijab blir berre nok eit teikn på at islam er i ferd med å vinne kampen.

No skal ikkje alle som har klaga bli tatt til inntekt for dette synet. Eg håpar ein del berre er opptekne av den prinsipielle skilnaden mellom å nekte krossbruk, men tillate hijab. Men viss ein skal følge same logikken vil hijabnekt denne gongen igjen kunne føre til at andre religiøse symbol, som til dømes ein kross, ikkje får vere synlege neste gong.

Eg kjøper argumentasjonen til NRK i denne saka. ” Serien handler bare om hennes personlige oppfatninger og hun representerer kun seg selv som velger”, seier Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK. Det Faten Mahdi al-Hussaini gjer i ”Faten tar valget” er ikkje veldig forskjellig frå det politikarar som Knut Arild Hariede, Hadia Tajik og Torbjørn Røe Isaksen gjorde i programmet På bortebane. Dei var programleiarar i kvar sine episodar og reiste rundt for å bli utfordra på eigne ståstader. Spørsmåla som vart reist rundt programmet handla mest om Hareide, Tajik og Røe Isaksen kunne blande rolla politikar og programleiar på denne måten, men dei kritiske spørsmåla då var ingenting i nærleiken av stormen mot NRK og ”Faten tar valget” nå.

”Jeg kommer til å få kritikk fordi jeg håndhilser på menn, fordi jeg stikker meg frem, fordi jeg går med hijab, fordi jeg mener mye. Jeg er for norsk for minoritetsmiljøene og for mye utlending for det norske miljøet, jeg passer ikke helt inn noen steder. Jeg står i konstant spagat mellom to svært ulike kulturer, og det er mange som meg.”

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske

Dette sa Faten Mahdi al-Hussaini til Aftenposten då dei intervjua henne om programmet. Ho hadde rett i at ho ville få kritikk for å bruke hijab. Kor mykje trur eg ingen kunne ane. Det som uansett er sikkert er at al-Hussaini gjer ein viktig jobb når ho skal prøve å inspirere unge til å stemme ved valet i september. Ikkje minst kan det bety mykje for dei med innvandrarbakgrunn eller som sjølv er muslimar å sjå at demokratiet er for alle og at det finst politikk for alle.

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske, mellom religion og det sekulære samfunnet og ikkje minst mellom menneske. Eg synest det er godt å sjå programleiarar som ope står fram og viser at dei er religiøse. Det viktigaste er ikkje kva dei som frontar TV-program på NRK har på hovudet, men kva dei har i hovudet.

 

Først publisert på Verdidebatt.no 24. august 2017 og i Vårt Lands papiravis 25. august 2017

Bilete: Frå Vårt Lands papiravis 25. august 2017