Kven er eg?
Eg heiter Mai Lene Fløysvik Hæåk og er utdanna statsvitar. Eg har tidlegare vore aktiv i KrFU både i landsstyret og i Rogaland og Oslo KrFU. Eg kjem eigentleg frå Jæren i Rogaland, har budd eitt år i Konstanz sør i Tyskland og eitt år i Sheffield, men bur no i Oslo..
Kvifor denne bloggen?
Denne bloggen vart oppretta for å kunne samle alt eg skriv i ulike samanhengar på ein stad. I tillegg har eg alltid likt å skrive, og eg synest sitatet til Gustave Flaubert seie mykje: “Kunsten å skrive er kunsten oppdage hva du egentlig mener”.
Alt som står her er uttrykk for mine personlege meiningar. Det som blir skrive på bloggen havnar i minst ein av følgjande kategoriar:
- Verdidebatt.no: Det som har vore publisert på Verdidebatt
- Vårt Land papiravis: Det som har vore publisert i papiravisa til Vårt Land
- Kristendemokratisk.no: Det som har vore publisert på kristendemokratisk.no
- Andre aviser: Det som har vore publisert i andre aviser enn Vårt Land
- Blogginnlegg: Innlegga som berre er publisert på denne bloggen
- Konstanz: Innlegga som handlar om utveksling
- Uncategorized: Alt som eg har gløymt å kategorisere…
Frå juni 2018 kommenterte eg i Vårt Land. Desse kommentarane har ikkje samanheng med det eg skreiv då eg var politisk aktiv. Kommentarane er difor ikkje lagt ut her på bloggen, men dei er lenka til på sida som heiter “Kommentarar”.
Tilbakemeldingar:
Om du har tilbakemeldingar på det eg skriv er det berre å kommentere innlegget. Kommentarar som kan vere i strid med norsk lov eller som inneheld personåttak og/eller noko anna støtande vil bli sletta.