Utvekslingskluss og utvekslingsglede

Hei, bloggeeeeeen!

Tulla… Startar på nytt.

 

Hei!

Den siste tida har det skjedd både lite og mykje. Lite fordi eg for det meste har vore heime. Mykje fordi det plutseleg vart ein del å fikse rundt utvekslinga.

Det mest dramatiske som har skjedd – viss eg kan kalle det dramatisk – var at eg oppdaga desse setningane her på Universitetet i Konstanz sine nettsider: “For Erasmus+ students, the original nomination determines the duration of the exchange period (1 or 2 semesters). An extension beyond this is not possible.”

Eg er heilt sikker på at eg hadde oppdaga dette tidlegare om det stod der tidlegare. Planen har heile tida vore å ta to semester, men starte med eitt for å sjå korleis det går. Då eg snakka med tilsette på UiO sa dei at det mest sannsynleg ikkje ville bli noko problem å utvide perioden. Så ser eg desse setningane om at i Konstanz er det ikkje mogleg for utvekslingsstudentar som reiser via Erasmus+ (noko eg gjer) å utvde noko utover den perioden eg nominert for.

Eg var ei lita stund heilt sikker på at eg måtte legge ein ny plan og flytte til ein ny stad i Tyskland til eit nytt universitet etter eit halvt år. Eg sat og såg på Augsburg, Hannover, Potsdam og fleire andre stader berre for å førebu meg på å kanskje måtte forlate Konstanz. Det var ikkje dei beste dagane i sommar… Samstundes klarte eg å gløyme det litt då eg var i Oslo første helga i august. Å sitje på landsstyremøte i KrFU og planlegge korleis Norge og verda bør vere i framtida er ein god måte å få tankane over på noko anna.

Heldigvis ordna det seg. Eg sendte epost til utvekslingskoordinatoren for Erasmus-avtalar på SV-fakultetet. Ho sendte epost til Konstanz, og Konstanz fiksa ei utviding til eitt semester til. No er det fiksa. Eg får berre finne meg i at eg er låst til Konstanz fram til juli neste år. Hurra!

 

Ein annan kul ting: Eg har fått meg ein buddy.

Det høyres rart ut, men det betyr berre at fadderprogrammet i Konstanz (buddy program) har funne ein fadder til meg som kan hjelpe meg med å kome til rette i Konstanz når eg kjem fram. Altså ein buddy. Me har vore i kontakt, og eg har blitt lova at eg skal få hjelp til å kome meg bort der eg skal bu.

 

Elles er det mange epostar som skal sendast, mange dokument som skal skrivast ut, mange søknadar som sakl fyllast ut og mykje anna eg må fikse no rett før eg reiser. Viss du lurer på kva som er meint med papirmølle, kan eg tilrå eit utvekslingsopphald i Tyskland kor dei treng papir (i papirformat!) på alt!

 

Det som har skjedd utanom utvekslingsplanlegging kan i stor grad illustrerast ved Instagram-bilete:

  • Eg har strikka min første genser,og det er ein #linelangmogenser. Smilet mitt gjekk nesten rundt då eg var ferdig og fekk prøve den på:
  • Eg har strikka tre huer, to som var vellukka og ei som ikkje var fullt så vellukka:

#fail Kan trøste meg med at hua ser fin ut når den ikkje er på hovudet mitt… #heimelaga

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

  • Eg har rydda i gamle albumar og funne gamle bilete:
  • Eg har byrja å gå tur etter frukost. Hels på den nye vennen min, Shaun:

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

  • Eg har vore i Oslo. Då tok eg bilete av operaen fordi eg ikkje hadde noko anna å gjere på sundagskvelden:

Leikte turist i går kveld. Klarte ikkje å bestemme meg for kva bilete frå Operaen eg likte best…

A post shared by Mai Lene (@mailenefhk) on

 

Framover blir det berre endå meir utvekslingsplanlegging. Eg gler meg veldig til å kome i gang med sjølve utvekslinga, men kjenner at eg er nervøs og at det kriblar i magen òg. No håpar eg berre alt kjem i orden før eg reiser.

Forresten kikka eg innom bloggen til Caroline Berg Eriksen i dag. Ho planlegg allereie selskapet til dottera som har bursdag i september. Kjenner eg er veldig skuffa over at ingen lager temabursdag til meg, og eg har jo faktisk bursdag før Caroline Berg Eriksen jr. nr. 2. Eg veit at litteraturtema eller “kom-som-ein-departementsbyråkrat”-tema ikkje er så veldig spenstig, men hallo liksom!

Det var alt for i dag.

Snakkes bloggeeeeen!

Tulla…

Snakkes!

Ofte stilte spørsmål om utveksling

No er det berre litt over seks veker til eg reiser på utveksling. Mykje byrjar å kome på plass. Eg har endeleg fått opptaksbrev, eg har fått stad å bu og eg har fått stadfesta at eg har kome med på språkkurset eg skal ta i september. Det nærmar seg veldig, og eg kjenner at eg er spent og nervøs og forventningsfull og alt mogleg på ein gong.

Eg får ofte mange av dei same spørsmåla om utvekslingsopphaldet mitt, så difor tenkte eg at eg kunne lage eit innlegg kor eg svarer på ofte stilte spørsmål.

1) Kvifor Tyskland?

For det første kan eg tysk ganske godt, så då passa det jo å reise til eit land kor dei snakkar tysk. For det andre er det stor etterspurnad etter folk som kan snakke tysk og har studert i Tyskland, og som eit karrierejagande menneske som mest av alt er oppteken av CVen passa jo Tyskland ganske godt (Eg er oppteken av andre ting enn CVen altså. Til dømes er eg ganske interessert i bøker.) For det tredje har eg feriert i Tyskland to gonger og vore på ein skuletur dit. Inntrykket eg har fått frå dei gongene har vore utruleg bra. Tyskland har mykje å by på. Det er ei blanding av gammalt og nytt. Du ser korleis historia har sett preg på alt frå små stader til store stader. I Dresden til dømes ser du svarte merke overalt i byen. Blant anna er delar av Dresden Frauenkirche svart. Dette er på grunn av bombinga av Dresden under andre verdskrig. Veldig spesielt, og særleg sidan dei delane av kyrkja som ikkje er svarte har blitt bygga på ny etter krigen.

Bileta ovanfor er frå Dresden Frauenkirche og Dresden Academy of Fine Arts. Dei ber preg av mine litt begrensa ferdigheiter med fotografiering i 2013.

Den siste grunnen til at eg har valt Tyskland er rett og slett at eg er veldig fascinert av historia til landet. For hundre år sidan var dei delaktige i den første verdskrigen. I mellomkrigstida opplevde dei revolusjonar, statskupp, økonomisk krise og ekstreme politiske strøymingar. Så kom den andre verdskrigen som førte til at store øydeleggingar og eit land som vart delt mellom dei som gjekk sigrande ut av krigen. I løpet av den kalde krigen vart Bundesrepublik Deutschland (Vest-Tyskland)  og Deutsche Demokratische Republik (Aust-Tyskland) grunnlagt i 1949. For berre litt over femti år sidan bygde dei muren i Berlin.

I dag, i 2017, er Tyskland ei europeisk stormakt med ein forbundskansalar som fleire gonger har blitt kåra til verdas mektigaste kvinne. Dei har verdas tredje største bilindustri og er ein garantisk for eit europeisk samarbeid. Den europeiske sentralbanken ligg i Frankfurt. Alt dette etter hundre år med krig, totalitære ideologiar og splitting.

Beklager historietimen, men synest det er stort å tenkje på. Eg vil bli betre kjent med eit land som har vore gjennom alt dette og likevel har klart å reise seg.

 

2) Kor skal du til i Tyskland?

Eg skal til Konstanz som ligg heilt sør i delstaten Baden-Württemberg. Det er ein by med ca. 80.000 innbyggjarar og er dermed den største byen langs Bodensee.

3) Er det via universitetet eller reiser du på eiga hand?

Det er via utvekslingsprogrammet til Universitetet i Oslo. Dei to semestera eg skal vere i Tyskland går inn i bachelorgraden min i statsvitskap.

 

4) Kva fag skal du ta? 

Eg veit ikkje heilt sikkert endå alle faga eg skal ta, men eg må i alle fall ta eit emne i internasjonal politikk. Det er eit obligatorisk fag i bachelorgraden min, og eg skulle eigentleg tatt det ved Universitetet i Oslo i haust. På grunn av utveksling må eg ta det i Tyskland. Utanom det må eg ta eit emne som erstattar eit fag på 2000-nivå (eit fordjupningsfag innanfor komparativ politikk, internasjonal politikk, politisk teori eller offentleg politikk og administrasjon). 40 studiepoeng kan eg velje heilt fritt.

 

5) Korleis ordnar du med plass å bu og korleis skal du bu?

Då eg sendte søknad til Universitetet i Konstanz søkte eg òg om stad å bu. Alle internasjonale studentar er garantert bustad i Seezeit Studierenderwerk sine studentbustadar. No har eg fått tildelt plass i ein studentbustad berre seks minutt med sykkel frå universitetet.

 

6) Kor lenge skal du vere der?

To semester er planen.

 

7) Må du studere på tysk?

Ja, hovudsakleg. Enkelte emne eg kan velje er på engelsk. Flesteparten er på tysk. Heldigvis har eg gått inn for å lære meg språket, og eg skal ta språkkurs ein månad i september før semesteret startar.

 

8) Gler du deg?

Ja.

 

Bilete: Mest frå Wikimedia, to eg har tatt

V Å R!

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Eg elskar våren, og ikkje minst er eg veldig glad i denne songen!

Og eg er glad for at det var mogleg å plukke kvitveis i helga og ta fine bilete av våren.

Planen er å ta mykje bilete framover. Slik at eg kan sjå på dei når eg flyttar til Tyskland. “Fotos machen” som det heiter på tysk. Apropos tysk så gjekk språktesten bra. No er søknaden til universitetet levert. #detskjer

Det var eigentleg alt eg hadde å seie for denne gongen. Nyt våren!

Nytt steg i retning Konstanz

Versjon 2

På torsdag kveld førre veke fekk eg endeleg epost om vidare søknadsprosess. Det har ikkje heilt gått opp for meg at det er to og ein halv månad sidan eg søkte, litt under to og ein halv månad sidan eg fekk svar og endå kortare tid sidan me fekk informasjon om korleis søknadsprosessen skulle bli vidare. Då verke det evig lenge til eg måtte starte med alt papirarbeidet og språkteksten. No sit eg her og har starta. Eg har fått epost frå universitetet, eg har fyllt ut all personleg informasjon, og eg har til og med betalt depositum til studentbustad.

Dessverre er det ikkje slik at du er ferdig når du har søkt om å få reise på utveksling. Når du søker om å få reise på utvekskling, søker du berre om å få kome med på utvekslingsavtalen til universitetet. Etter at du har fått stadfesta at du har fått plass på utvekslingsavtalen blir du nominert av universitetet til universitetet i landet du reiser til. Så må du vente på at universitetet i landet du reiser til tar kontakt og informerer om vidare søknadsprosess. Når dei har gjort det, må du søke til universitetet du skal reise til. Det er der eg er no. Det er mykje papirarbeid og mykje som skal fyllast ut. I tillegg må eg ta ein språktekst i løpet av neste veke. Eg kjenner eg er litt nervøs med tanke på den. Tenk om eg overvurderer eigne kunnskaper og plutseleg får vite at eg berre har tyskkunnskaper som står til A1? Eg trur ikkje det kjem til å skje, men det er slike irrasjonelle tankar som av og til melder seg.

No byrjar det òg gå opp for meg at eg faktisk skal reise til utlandet snart, at eg skal reise bort frå familie og vener i nesten eitt år. Heldigvis kjem eg heim til jul, og det er ein liten pause mellom vintersemesteret og sommarsemesteret. Likevel har eg starta å tenkje på at det kan kome til å bli litt hardt òg. Eg synest allereie det er rart å høyre andre planlegge kva dei skal gjere til hausten og at eg ikkje kan vere her og ta del i det. Eg har kanskje mindre seperasjonsangst enn “eg-kjem-til-å-gå-glipp-av-såååå-mykje-angst”.

I tillegg viser jo Oslo seg fram frå si beste side for tida, noko som gjer det endå vanskelegare å forstå at eg skal reise herfrå snart. Eigentleg hadde eg planar om å gå meg ein lang tur i dag og ta bilete som eg kan sitje å sjå på når eg saknar Oslo. Dessverre vart eg sett ut av noko som enten er allergi eller forkjølelse. Men eg har mange andre fine bilete frå Oslo, som til dømes desse to av utsikten frå takterassen der eg bur. Begge bileta er tatt 26. mars då det var sol og tjue grader. Nesten slik som i dag.

Eg håpar de vil følgje bloggen og alt rundt utvekslinga vidare. Om de er interessert kan de òg følgje meg på Pinterest kor eg lagrar mange pins med bilete av Tyskland Brukarnamnet mitt er mailenehaeaak trur eg. Bloggen har òg Facebook-side: facebook.com/mailenefh

 

Hurra for tysk!

 

Eit av dei spørsmåla eg har fått flest gonger når eg snakkar om at eg flyttar til Tyskland til hausten er: “Er undervisninga på tysk?” Svaret er: “Ja, i alle fall store delar av den, men eg gruar meg ikkje.”

Eg har aldri sett på språk som ei stor utfordring. Tvert i mot er det i mine auge ei stor moglegheit. Eg har alltid vore glad i å lære språk og har lagt ein innsats ned i det. Lenge drøymte eg om å kunne ha berre språk som programfag på vidaregåande. Slik vart det ikkje, men eg er oppteken av å kunne kommunisere på andre språk enn norsk og engelsk. Det er verdifullt.

Eg veit ikkje kvifor det har blitt slik, men det kan hende det er nynorsken som har gjort det. Det at eg alltid har brukt eit skriftspråk som eg ikkje møter dagleg har kanskje gjort meg meir medviten på språk. Eg trur det har verka positivt inn å vere oppteken nynorsk og det å kunne skrive det godt. Forsking viser jo òg at det å kunne både nynorsk og bokmål kan gjere deg betre til å lære framandspråk fordi du har ein form for fleirspråkleg bakgrunn.

Likevel må ein òg legge ned ein innsats. Det treng ikkje handle om pugging av verb og gloser. Då eg verkeleg gjekk inn for å lære meg engelsk byrja eg å lese bøker på språket. Ein blir ikkje betre til å skrive eit språk viss ein ikkje ser korleis dei som har det som morsmål bruker det. Du lærer deg ord og uttrykk på ein heilt annan måte. I tillegg lærte eg meg bindeord som kunne gi språket betre flyt og meir variasjon. Det skulle ikkje meir til for å heve seg nokre hakk.

Litt same metode bruker eg no som eg skal lære meg tysk. Eg prøver å lære meg korleis dei som skriv og snakkar tysk bruker språket. Det hjelper alltid å ha eit godt grunnlag og å ha pugga litt, men det er ikkje det som fører til at nokon blir god i språket.

Begge bøkene eg har kjøpt på tysk har eg tidlegare lese på norsk. No er det Anne Frank Tagebuch (Anne Franks dagbok) eg les. Det går seint, men i det minste forstår eg det meste. Slikt gir meistringskjensle. Utdraget på det eine bilete er frå den boka. Det er kanskje eit av dei sitata eg synest er sterkast. Ho fortel om korleis ho håpar at alt ein dag skal vere over og at verda skal bli slik den var. I eit større perspektiv kan ein jo seie at slik vart det. Verda vart ein betre stad. Det triste er at Anne Frank sjølv ikkje fekk oppleve det.

Noko anna eg har gjort for å lære meg tysk er å kjøpe tyske magasin som til dømes Der Stern og Der Spiegel.

Ikkje berre blir eg betre i tysk av å lese artiklar i desse magasina, men eg blir òg oppdatert på kva som eigentleg føregår. Du blir ikkje kjent med eit land berre av å lære språket. Alle bileta av artiklane er frå Der Spiegel. Den med tittelen Die Mitte handlar om middelklassen i Tyskland som Martin Schulz, forbundskanslarkandidat for Sosialdemokratane, har vore oppteken av. Det kan høyrast avansert ut, men om ein berre bruker litt tid blir det enklare. Ikkje minst er det ekstremt mange ord på tysk som er like ord på norsk. Eit døme er dette avsnittet her:

Haushalte = hushald. Prozent = prosent. Medianeinkommens = medianinntekt. Mittelsicht = middelsiktet. Single = single (surprise!) Mitte = midten (men blir her brukt om middelklasse). Monatlich = månadleg. Ein Paar = eit par. Oberen Mitte og unteren Mitte = øvre og nedre middelklasse. Det er slike ord som me kan forstå intuitivt utan å måtte konsentrere oss alt for mykje. No har eg ikkje ein gong tatt med alle orda eg såg i denne vesle teksten her. Det som er mest vanskeleg er setningsoppbygginga. Når verbet kjem til slutt i setninga, må du nesten lese gjennom heile før du får den fulle forståinga av kva poenget er.

Eg har aldri sett på språk som ei stor utfordring. Tvert i mot er det i mine auge ei stor moglegheit

Eit anna verkty, som eg er utruleg glad for at eg veit om, er Duolingo. Det språkprogrammet er magisk. Sjølv om du ikkje lærer å skrive lange tekstar, hjelper programmet deg med å få vanlege (og ikkje fullt så vanlege) uttrykk til å sitje betre. Ein del går meit automatisk. Du lærer alt frå det heilt grunnleggjande som “hei” og “korleis har du det?” til korleis snakka om politikk, religion eller abstrakte objekt. Det er utforma som eit spel kor du rykkar opp til nye nivå når du har øvd ei viss mengde. I tillegg viser det kor flytande du kan språket (må av og til tas med ei klype salt). Om du ikkje speler litt kvar dag blir du straffa med at du mistar “streaken” din. Veldig gøy, og ein kan faktisk bli litt avhengig fordi ein vil ikkje miste streaken, og ein vil oppretthalde alle språkferdigheitene på eit høgast mogleg nivå.

Det går faktisk an å følgje meg om du registrert deg sjølv. Eg trur eg heiter mailenefhk.

Forresten leverer av og til Duolingo nokre skikkelege gullkorn: “Hilfe. Das Pferd isst die heilige Kartoffel.” (“Hjelp. Hesten et den heilage poteta.”)

Det eg kanskje må øve meg mest på er å lytte til tysk. Det er det som blir det største problemet med undervisning på språket. Dei snakkar av og til skikkeleg fort, og det å tenkje gjennom setningar og setje dei i ei logisk rekkefølgje går godt når du har dei skriftleg framfor deg og har tid til å prøve å forstå. Det er verre når dei snakkar, for viss du tenkjer for mykje over ei setning mistar du plutseleg dei fem neste som kjem. Løysinga mi på problemet har blitt film og podcast. Eg har kjøpt inn fleire tyske filmar. I tillegg prøver eg å høyre på tyske andaktar av og til.

Det er ei Hillsong-forsamling i byen eg skal bu i, Konstanz. Difor søkte eg opp podcasten deira både for å bli litt kjent med forsamlinga, men òg fordi andaktar ikkje er det mest avanserte å lytte til. Ein del kjenner du att fordi du har høyrt bibelvers eller måtar å uttrykke seg på på norsk. Andre ting tar du intuitivt fordi ein god del ord liknar på norske ord.

Som de sikkert forstår er eg optimistisk med tanke på språket. Eg liker å lære meg språk, og eg gler meg til å kunne nytte tysken min kvar dag. Det blir sikkert ein del feiling, og det blir sikkert nokre komiske situasjonar. Men alt i alt trur eg det skal gå bra. Det hjelper med litt motivasjon og innsats. I tillegg håpar eg at dette innlegget kan vere til inspirasjon for andre som vil lære seg eit språk eller som held på å lære seg eit språk. Det går an sjølv om det verkar vanskeleg og keisamt.