La Faten bruke hijab

Det er dumt det er hijaben til Faten og ikkje viktigheita av at fleire deltek i demokratiet som blir diskutert før ”Faten tar valget” går på lufta.

Mange ser ut til å meine at saka om at Faten Mahdi al-Hussaini får bruke hijab på programmet ”Faten tar valget” eigentleg  handlar om den fire år gamle ”krossnekt”-saka. Eg meiner det er langt frå så enkelt at me kan trekke inn at Siv Kristin Sællmann for fire år sidan vart beden om å ikkje bruke kross på grunn av klager frå TV-sjåarar. Den saka er ferdig, noko òg hovudpersonen sa i eit intervju med VG i 2015.

Dessverre ser det ut til at mange er av ei anna oppfatning. Det har kome så mange klager på at al-Hussaini får bruke hijab på eit NRK-program at det har blitt den saka Kringkastingsrådet har fått flest klager på nokon gong. I fleirtalet av klagene blir det trekt fram at Sællmann i 2013 fekk beskjed om å ikkje ha på seg kross medan al-Hussaini no får bruke hijab.

Hadde det berre vore forskjellsbehandlinga som vart tatt opp på generelt grunnlag, kunne eg forstått litt av kritikken. Dessverre gjer mange denne saka til ein del av den private, internettbaserte kampen deira mot islam. I følge Thor Gjermund Eriksen har NRK fått epostar som ikkje eignar seg på trykk.

Realiteten er at alt for mange nordmenn lever i lukka ekkokammer kor Merete Hodne, Hege Storhaug og andre islamfiendtlege røyster nesten er like store profetar som det Muhammed er i islam. I deira røynd eksisterer det ein kamp mellom det norske, kristne eller vestlege mot islam og muslimar. At ein person som frontar eit NRK-program får bere hijab blir berre nok eit teikn på at islam er i ferd med å vinne kampen.

No skal ikkje alle som har klaga bli tatt til inntekt for dette synet. Eg håpar ein del berre er opptekne av den prinsipielle skilnaden mellom å nekte krossbruk, men tillate hijab. Men viss ein skal følge same logikken vil hijabnekt denne gongen igjen kunne føre til at andre religiøse symbol, som til dømes ein kross, ikkje får vere synlege neste gong.

Eg kjøper argumentasjonen til NRK i denne saka. ” Serien handler bare om hennes personlige oppfatninger og hun representerer kun seg selv som velger”, seier Per Arne Kalbakk, etikkredaktør i NRK. Det Faten Mahdi al-Hussaini gjer i ”Faten tar valget” er ikkje veldig forskjellig frå det politikarar som Knut Arild Hariede, Hadia Tajik og Torbjørn Røe Isaksen gjorde i programmet På bortebane. Dei var programleiarar i kvar sine episodar og reiste rundt for å bli utfordra på eigne ståstader. Spørsmåla som vart reist rundt programmet handla mest om Hareide, Tajik og Røe Isaksen kunne blande rolla politikar og programleiar på denne måten, men dei kritiske spørsmåla då var ingenting i nærleiken av stormen mot NRK og ”Faten tar valget” nå.

”Jeg kommer til å få kritikk fordi jeg håndhilser på menn, fordi jeg stikker meg frem, fordi jeg går med hijab, fordi jeg mener mye. Jeg er for norsk for minoritetsmiljøene og for mye utlending for det norske miljøet, jeg passer ikke helt inn noen steder. Jeg står i konstant spagat mellom to svært ulike kulturer, og det er mange som meg.”

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske

Dette sa Faten Mahdi al-Hussaini til Aftenposten då dei intervjua henne om programmet. Ho hadde rett i at ho ville få kritikk for å bruke hijab. Kor mykje trur eg ingen kunne ane. Det som uansett er sikkert er at al-Hussaini gjer ein viktig jobb når ho skal prøve å inspirere unge til å stemme ved valet i september. Ikkje minst kan det bety mykje for dei med innvandrarbakgrunn eller som sjølv er muslimar å sjå at demokratiet er for alle og at det finst politikk for alle.

Faten Mahdi al-Hussaini inspirerer meg. Ho bidreg til å bygge bruer mellom minoritetsbefolkninga og etnisk norske, mellom religion og det sekulære samfunnet og ikkje minst mellom menneske. Eg synest det er godt å sjå programleiarar som ope står fram og viser at dei er religiøse. Det viktigaste er ikkje kva dei som frontar TV-program på NRK har på hovudet, men kva dei har i hovudet.

 

Først publisert på Verdidebatt.no 24. august 2017 og i Vårt Lands papiravis 25. august 2017

Bilete: Frå Vårt Lands papiravis 25. august 2017

Heilskapleg politikk inspirert av kristne verdiar

Debatten om kristne verdiar i politikken manglar ein mellomposisjon. Ikkje alle som bygger politikken sin på religion blandar religion og politikk slik enkelte hevdar.

Det er mykje snakk om kristne verdiar for tida. Det starta med ein diskusjon mellom Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug i VG: Kva parti bør ein stemme på om ein er oppteken av kristne verdiar. Så gjekk Vedum ut i NRK og gav uttrykk for at han ikkje ville kaste seg inn i kampen om kristne veljarar. Han åtvara òg mot å blande religion og politikk.

Eg er glad for at Vedum ikkje kastar seg inn i ein kamp om kristne veljarar, men ikkje fordi eg trur at det kan gi fleire veljarar til KrF. Eg trur Vedum i likskap med meg ser at det blir noko krampaktig over det når parti som til vanleg ikkje har ein ideologi basert på kristendommen skal prøve å vinne veljarar på grunnlag av kristne verdiar.

 

Me kan la oss inspirere til å bygge eit samfunn kor verdiar frå bibelen får vere avgjerande for politiske vedtak. Det er det Kristeleg Folkeparti gjer.

 

Religion og politikk

Kva han meiner derimot med ”blande religion og politikk” er eg litt meir usikker på. Viss han meiner at ein ikkje skal bruke politikk for å regulere forholdet ein person har til Gud, eventuelt ikkje har til nokon Gud, er eg samd. Det er ikkje opp til politikarane å seie om nokon er frelst, om nokon følger dei ti bod eller for den saks skuld ber fem gonger om dagen.

Det politikarar likevel kan gjere er å bygge politikken sin på verdiar med grunnlag i religion. Me kan la oss inspirere til å bygge eit samfunn kor verdiar frå bibelen får vere avgjerande for politiske vedtak. Det er det Kristeleg Folkeparti gjer.

Den kristne trua består av to relasjonar: Relasjonen til Gud og relasjonen til medmenneska. Relasjonen til Gud er ikkje noko politisk. Ingen kan føre ein politikk berre for dei som er frelst, og ingen kan krevje at nokon skal ha ein relasjon til Gud.  Relasjonen vår til medmenneska våre derimot handlar ein del  om politikk. Ein stor del av måten me interagerer med kvarandre på er regulert politisk. Denne politikken kan vere inspirert av kristne verdiar.

 

Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP i Oslo føreslo politikk som hadde ført til at Listhaug ikkje kunne gått med korset sitt om ho var tilsett i Oslo kommune?

 

Heilskapen

Likevel meiner eg at ein føresetnad for at politikk inspirert av kristne verdiar skal vere vellukka er at politikken er bygd på ein heilskap. Den kristendemokratiske ideologien er eit døme på dette. På andre sida kan me sjå politikarar som bruker kristne verdiar i enkeltsaker for å trekke til seg veljarar. Ein politikk kor kristne verdiar berre blir trekt fram akkurat når det passar er ikkje ein politikk basert på kristne verdiar. Det er vêrhanepolitikk.

Det er vêrhanepolitikk når Sylvi Listhaug snakkar om at innvandring kan truge kristne og norske verdiar og bruker dette som argument for å ikkje ta i mot fleire. Ho bruker det fordi det gagnar henne og hennar politiske standpunkt. Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP i Oslo føreslo politikk som hadde ført til at Listhaug ikkje kunne gått med korset sitt om ho var tilsett i Oslo kommune? Kor vart snakket om kristne verdiar av då FrP stemte for fosterreduksjon og sa ja til aktiv dødshjelp, eggdonasjon og tidleg ultralyd i programmet sitt?

Eg meiner Knut Arild kan stå med rak rygg i valkampen og seie at partiet som er opptekne av kristne verdiar er KrF. Me er opptekne av heilskapen, og all politikken vår har grunnlag i ein kristendemokratisk ideologi. Når me seier ja til fleire lærarar er det fordi me trur alle menneske fortener å bli sett fordi dei har eit ibuande menneskeverd. Når me seier nei til å konsekvensutrede Lofoten, Vesterålen og Senja, er det fordi me trur me har eit ansvar for å forvalte jorda. Og når me seier at me vil hjelpe flyktningar både der dei er og her i Norge, er det fordi me har ein politikk bygd på nestekjærleik. Menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er alle verdiar inspirert av kristen tru.

Politikk kan byggast på kristne verdiar utan at det er blanding av religion og politikk, men å bruke kristne verdiar i enkeltsaker fordi det passar blir berre krampaktig.

Bilete: Wikimedia

Først publisert på Verdidebatt.no 28. juli 2017

Fiksjon er viktig for å lære fakta om den verkelege verda

Harry Potter er ikkje berre ei fantasiverd me kan flukte inn i. I tjue år har serien lært oss om kjærleik, vennskap, lojalitet og feilbarlege menneske. Dette er verdiar som òg er viktige i røynda.

Måndag 26. juni var det 20 år sidan bokserienom Harry Potter vart introdusert for oss. Det betyr tjue år sidan me vart introdusert for trollmannsskulen Galtvort, Voldemort, Albus Humlesnurr, Den forbudte skogen og halvjøtulen Gygrid. Å bli tatt med inn i verda til Harry Potter var magisk. Eg naut det i fulle drag, og det opplevingane eg fekk då eg høyrte og las den serien trur eg aldri eg har fått av nokon annan serie etterpå. Ikkje minst er det noko fantastisk over det å kjenne at eg endå ikkje er ferdig med serien. Eg blir aldri ferdig med å le av humoren, sitere karakterane og reflektere over verdiane som kjem fram.

“In a risky world, where terror attacks, accidents and human error dominate the news, story can be both fun escapism and an encounter with truth. That truth can renew commitment to serve others, to stand for justice and the oppressed and to believe that in the end the last line will be ‘All was well’.” Dette skreiv professor i teologi, David Wilkinson, på måndag då det var tjue år sidan første Harry Potter-bok vart gitt ut. Slike sitat er med å underbygge at Harry Potter ikkje berre er underhaldning. Det er ei drivkraft og ein bodskap i historia som gjer det til langt meir enn berre tidsfordriv.

I ei tid kor ”alternative fakta” og falske nyheiter er eit problem burde ein kanskje ikkje hylle oppdikta forteljingar som Harry Potter. Det er viktigare enn nokon gong å skilje mellom fakta og fiksjon. Min påstand er likevel at fiksjon kan lære oss fakta om røynda. Det er ingen som er i tvil om Harry Potter er oppdikta eller ikkje. Nokre skulle kanskje ønske at dei hadde fått brevet frå Galtvort då dei var elleve år, men det er noko anna. Poenget er at trass i at det meste som skjer i Harry Potter er totalt urealistisk, formidlar serien verdiar som er viktige å ha med seg i den røynda me lever  i. Som David Wilkinson skriv kan slike verdiar gi engasjement for å tene andre, kjempe for rettferd for dei undertrykte og tru på at det kan gå bra til slutt.

Populartiteten til Harry Potter gir meg tru på menneska. Det gir meg tru på at tilsynelatande vanlege personar kan vise seg å vere store heltar. Litt av den same trua har eg òg kjent på medan eg sat og såg på SKAM. Sjølv om det er store ulikskaper mellom ein britisk bokserie om ein trollmann og ein norsk TV-serie om vidaregåande-elevar, er begge historiene gode ramer for å formidle viktige verdiar. Orda Jonas les opp i slutten av siste episode av SKAM, er ikkje berre ei formidling av verdiane i den TV-serien. Det kunne likså godt vore formidling av verdiane i Harry Potter. ”For selv om det noen ganger kan føles sånn, står ingen mennesker alene. Hver og en av oss er en viktig del av det store kaoset, og det du gjør i dag har en effekt i morgen. (…) Effekten av handlingene dine er der alltid et sted i kaoset. (…) Frykt sprer seg, men det gjør heldigivs kjærlighet også.”

Sist, men ikkje minst, gir Harry Potter ein viktig bodskap om at menneske er feilbarlege. Å vere ”the chosen one” gir ikkje nødvendigvis ein garanti for at ein handlar moralsk riktig eller har livet på stell. Slik er det òg i den verkelege verda: Me er feilbarlege, og sjølv store personar kan gjere store feil. Då er det viktig å hugse orda til Harry Potters gudfar, Sirus Svaart: “We’ve all got both light and dark inside us. What matters is the part we choose to act on. That’s who we really are.”

Bilete: Wikimedia

Først publisert på Verdidebatt.no 29. juni 2017

Ingen sit med fasiten i nikab-debatten

Dei beste grunnane for forbod mot ansiktsdekkande plass i undervisningssituasjonar er òg nokre av dei beste mot, og derfor er det vanskeleg å hevde at nokon sit med heile fasiten.

Måndag 12. Juni 2017 kunne me lese i fleire aviser at regjeringa sender ut forslag på høyring om å forby heildekkande hovudplagg på alle skular, høgskular og universitet. Sjølv om det er formuleringa ”ansiktsdekkende plagg” som er brukt, er det få som trur at dette dreier seg om at elevar dukkar opp med finnlandshette på skulen. ”– Ansiktsdekkende plagg som for eksempel nikab og burka hører ikke hjemme i norsk skole,” sa fungerande invandrings- og integreringsminister Per Sandberg. For det er nettopp det forbodet handlar om: Muslimske elevar og studentar skal ikkje få bruke nikab og burka viss fleirtalet i Stortinget stemmer for lovforslaget til regjeringa.

Dette er ei sak kor det vil vere arrogant å hevde at ein har heile fasiten. Resultatet kan ikkje målast i kroner og øre. Den enkle grunnen til dette er at det handlar om verdiar. Sjølv har eg ikkje konkludert med kva eg meiner om lovforslaget til regjeringa, og i denne saka trur eg ein god dose tvil er sunt. Tvilen inviterer til grundig tankeverksemd før ein konkluderer. Det gir rom for å ombestemme seg og innrømme at argumenta på begge sider har noko for seg.

Dei beste grunnane for lovforslaget er òg nokre av dei beste mot. Til dømes er nikab og burka eit forsvinnande lite problem i Norge. Eit forbod mot desse plagga i undervisningssituasjonar vil ramme svært få og er difor ikkje eit veldig inngripande forbod. På den andre sida kan ein seie at det ikkje trengs eit nasjonalt forbod mot eit så lite problem. Kvifor vedta eit nasjonalt forbod som nesten er overflødig? I tillegg kan ein innvende at det ikkje trengs eit nasjonalt forbod når det er mogleg å forby bruk av slike plagg lokalt. På den andre sida, kva skilnad gjer det for dei det gjelder at forbodet er vedteke lokalt i staden for nasjonalt?

I diskusjonen om lokale forbod eller eit nasjonalt forbod er det mykje som talar for at det bør vere eit nasjonalt forbod. Til dømes har det vist seg fleire gonger at behovet for å forby ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar ikkje har dukka opp før problemstillinga har vore reell. Dermed har kanskje ein elev eller student allereie starta med studia før forbodet har kome. Kva er då det verste alternativet: Seie frå starten av at det er ulovleg å bruke ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar, eller å vedta eit forbod fordi nokon som har ansiktsdekkande plagg har starta på eit universitet eller ein vidaregåande skule? I tillegg gir eit nasjonalt forbod større legitimitet. Sidan det er skulane og universiteta som sjølv handhever forbodet, kan det vere godt å vite at dei har støtte frå høgste hald når dei må forby elevar og studentar å kome med ansiktsdekkande plagg.

På den andre sida kan me ikkje legge skjul på at det er noko illiberalt i å ville regulere kva klesplagg andre skal bruke, uansett om det er i ein undervisningssituasjon eller ikkje. Trass i dette verkar det ikkje som om alle parti er like tilbakehaldne med det. Same dag som forslaget om forbod mot ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar kom, gjekk stortingsrepresentant for FrP, Erlend Wiborg ut og sa at forbodet må utvidast. Ikkje berre skal det vere forbod mot ansiktsdekkande plagg på skular, høgskular og universitet. Det same burde gjelde for resten av det offentlege rom, meiner Wiborg. Eit slikt forbod har allereie blitt vedteke i Frankrike, og Den europeiske menneskerettsdomstolen har sagt at dette ikkje er i strid med menneskerettane. Men sjølv om eit forbod ikkje er i strid med menneskerettane, betyr det ikkje at ein må innføre eit forbod for å følgje menneskerettane. Om det skulle kome eit generelt forbod mot ansiktsdekkande plagg i offentlege rom med tida, vil det truleg effekten vere den motsette av det som er tilsikta. Kor skal dei som bruker slike plagg, som følgje av undertrykking, søke hjelp om dei ikkje kan vere ute i offentlege rom?

Erlend Wiborgs forslag om utvida forbod illustrerer godt kvifor eg er i tvil om forslaget til regjeringa: Kor lang tid går det før me innfører endå fleire restriksjonar på religiøse klesplagg, som til dømes hijab i skulen. Då snakkar me ikkje lengre om eit forbod som er nødvendig for å kunne sjå ansikta til kvarandre. Eit slikt forbod vil grense mot det illiberale etter mi meining.

Kanskje handlar debatten om ansiktsdekkande plagg i undervisningssituasjonar djupast sett om religionsfridom. Er lovforslaget til regjeringa først og fremst eit forbod mot det me ikkje liker? Kor skal grensene for religionsutøving gå, og ikkje minst kor skal grensene for innblanding frå politikarane gå? Slike spørsmål er viktige å ta med seg i religionsdebatten, men endå viktigare er det å la spissformuleringar vike for refleksjon og erkjenning av at ingen av oss sit på heile fasiten.

 

Bilete: Wikimedia

Først publisert på Verdidebatt 16. juni. Siste halvdel av innlegget publisert i Vårt Lands papiravis under tittelen “På grensa mot det illiberale”