Om meg

Eg heiter Mai Lene Fløysvik Hæåk, er født i 1996 og utdanna statsvitar. Eg kjem eigentleg frå Jæren i Rogaland, har budd eitt år i Konstanz sør i Tyskland og eitt år i Sheffield, men bur no i Oslo. Til dagleg jobbar eg som politisk seniorrådgjevar i ein sivilsamfunnsorganisasjon. I tillegg er eg bokmeldar for Stavanger Aftenblad. 

Tidlegare har eg vore gjestekommentator i Vårt Land. Tekstane mine har dei siste ti åra blitt publsiert i alt frå Aftenposten til NRK Ytring. Eg har òg bidrege i magasin som Syn og Segn. 

Denne bloggen blei oppretta for at eg skulle publisere meiningane mine her. Dessverre har den dei siste åra ikkje blitt oppdatert med tekstar, men eg prøver å oppdatere lista over publikasjonar forløpande.