“Eg er redd for er at eg slutter å meine noko, at eg sluttar å skrive. Eg er redd for at eg ikkje skal tørre å ytre meg offentleg om noko lengre”
Så er tida komen for at eg skal avsløre kva eg har haldt litt på med på kveldstid ei lita stund. Eg synest det er litt gøy og litt skummelt å endeleg publisere bloggen. Det er gøy fordi eg har ein heilt eigen stad kor eg kan skrive og kor eg kan dele det eg er oppteken av, og så er det skummelt.
Eg trur kanskje at grunnen til at det skremmer meg litt er temaet for bloggen. Medan eg tidlegare har blogga mest om bøker, blir denne bloggen prega av politikk. Sjølv om eg skriv lesarinnlegg og kronikkar med politisk innhald, er dette noko anna. Det eg sender inn til aviser og publiserer på Verdidebatt har eg fått andre til å lese over og sjå på. Om eg sender det direkte til ein debattredaksjon blir det òg gjennomgått der før det blir publisert. På denne bloggen er det eg som er redaktør. Det som ikkje er publisert før er det eg som må gå gjennom og vurdere. Ein del av det som blir lagt ut vil kanskje vere publisert andre stader først, men så vil det òg vere innlegg som berre blir publisert her. Dei er det eg som står ansvarleg for.
Innhald på bloggen
Som sagt skal denne bloggen handle mykje om politikk, men det er òg noko den ikkje skal handle om: Klede, sminke, hår, trening og mat for å nemne noko. Dei eg snakkar med slikt om møter eg heller andlet til andlet over ein kaffikopp, og sjølv i slike situasjonar synest eg tema som dette blir overflatiske. Utover at eit sentralt stikkord er ”politikk” synest eg det er vanskeleg å definere kva eg kjem til å skrive om på bloggen. Stigen blir vel til medan eg går.
Deltaking i den politiske debatten
Då eg tenkte på kva eg skulle skrive i dette innlegget, som for alvor markerer starten på blogginga, var det første temaet som dukka opp ”Mannegruppa Ottar”. Det er ein debatt som engasjerer meg. Eg kan ikkje forstå korleis godt vaksne menn kan sitje og skrive at ein 13-åring burde bli utsett for valdelege og seksuelle overgrep. Eg kan ikkje forstå korleis nokon kan klare å krenke folk på den måten. Likevel synest eg det er vanskeleg å skrive om, ikkje fordi eg leitar etter ei ny og original vinkling eller ikkje finn orda, men fordi eg er redd.
Eg er redd fordi eg ser korleis andre som har uttalt seg om Facebook-gruppa har blitt hetsa på verst tenkeleg måte, fordi politiet ber Sophie Elise Isachsen slette blogginnlegget ho skreiv om saka og fordi eg ikkje veit korleis eg ville ha takla det om noko slikt skjedde meg. Eg er sjølvsagt realistisk og veit at det er fleire tusen som går inn på bloggen til Sophie Elise. Eg trur ikkje eg kjem til å bli ein bloggkjendis over natta. Men likevel.
Det er andre tema eg òg kunne hatt lyst å skrive om, men eg har droppa det i redsle for reaksjonane. Islam er eit døme. Det er alt for mange som på eine sida meiner at dei kjemper for demokrati og fridom, men på andre sida vil hindre andre i å utøve religionen sin. Fridommane dei meiner blir tatt frå oss, om det kjem for mange muslimar, vil dei sjølv ta frå andre. Dette er noko eg kunne ha skrive langt meir om, men eg gjer det ikkje. Fordi eg er redd.
Dette betyr ikkje at eg ikkje klarer å ta i mot kritikk. Det betyr ikkje at eg forventar at alle alltid skal vere samde med meg og at eg skal få berre skryt for det eg skriv. Eg er vane med kritikk, både konstruktiv og ikkje fullt så konstruktiv. Det gjer meg ikkje noko, og det mest useriøse ler eg bort. Kritikk som eg meiner er treffande tar eg til meg. Likevel er det stor skilnad på kritikk og hets.
Men kva er eg eigentleg redd for? Å bli overfalt på gata? At eg må skaffe meg livvakter? Nei, absolutt ikkje. Det eg er redd for er at eg slutter å meine noko, at eg sluttar å skrive. Eg er redd for at eg ikkje skal tørre å ytre meg offentleg om noko lengre. Kanskje treng eg ikkje å vere redd. Det kan vere eg hadde takla det betre enn eg trur, at eg er tøffare enn eg trur, men det kan òg vere at frykte tar over.
Eg meiner denne redsla seier meir om samfunnsdebatten enn om meg. Ja, kanskje er eg overnervøs, og kanskje kjem eg aldri til å få slike kommentarar. Likevel viser debatten dei siste dagane om Mannegruppa Ottar at rommet for å ytre seg kan vere snevert. Den har vore prega av nokre få menn som hetsar unge jenter fordi dei har kritisert gruppa. Det er ugreitt. Men om alle me andre er stille er det folk som dette som får dominere viktige debattar. Det vil vere synd. Det er difor me har eit ansvar for å heve stemma og seie i frå, òg i debattar som kan opplevast ubehagelege. Eg har i alle fall tenkt å ”manne meg opp” og prøve å delta trass i at eg redd. Det kan jo fort gå godt.