Så lenge ho er innvandringsminister kjem ikkje problema til å bli feia under eit teppe. Tvert i mot kjem dei til å bli trekt fram og børste støv av og sett på øvste hylle for at alle skal kunne sjå.
Mange har kanskje fått med seg debatten i Aftenposten om retorikken innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug bruker. Først skreiv tidlegare leiar av Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, ein kronikk kor han kritiserte retorikken til Listhaug. Så gjekk fleire forskarar ut og støtta Wilkinsons innlegg, før Listhaug svarte på kritikken med at Wilkinson burde bli vaksen. Det kan verke som den same gamle debatten me har høyrt eit ukjent antal gonger før, og det er det jo. Likevel vil eg gjerne kommentere ein del av det.
Det som slår meg er at Sylvi Listhaug alltid trekk fram at me ikkje må skyve problema under teppet, men heller må snakke om dei og vere tydelege på at det finst problem. I kronikken i Aftenposten skriv ho blant anna: “Venstresidens meningssensur på innvandringsfeltet er heldigvis over for lengst.” og “De landene som har forsøkt Wilkinsons metode, nemlig å skyve utfordringer under teppet og ikke ha en åpen og ærlig debatt, har merket konsekvensene.”
Eg må seie at det er litt rart kor lite tru Sylvi Listhaug har på sine eigne kommunikasjonsevner. Ho seier gong på gong at me ikkje snakkar nok om problema med innvandring og at det ikkje kjem tydeleg nok fram i debatten. Men eg kan ikkje hugse at ho har snakka om noko anna enn problem med innvandringa. Så lenge ho er innvandringsminister kjem ikkje problema til å bli feia under eit teppe. Tvert i mot kjem dei til å bli trekt fram og børste støv av og sett på øvste hylle for at alle skal kunne sjå. Problema kjem til å stå på den hylla som ein slags pokal til FrP for “realismen” og “nyanseringa” av innvandringsdebatten.
Listhaug speler stadig vekk på at ho blir misforstått, ho blir feiltolka, ho seier det berre som det er og ho er berre realistisk. “Det har nærmest gått sport i å misforstå meg”, skriv ho i Aftenposten-innlegget. Då ho uttalte at i Norge drikk me alkohol, et svinekjøtt og viser andleta våre 18. oktober, skreiv ho på FB-sida si: “I dag har det nærmest gått sport i misforstå meg”. 24. oktober skreiv ho: “Mitt utspill i forrige uke om at innvandrere må tilpasse seg det norske arbeidsmarkedet er både blitt vridd, vrengt og tolket i verste mening.”
På mange måtar verkar det som om ho alltid set seg sjølv i offerrolla. Alt ho blir sagt blir framstilt feil. Det går alltid sport i å misforstå henne. Ho er den som snakkar sant om flyktingkrisa, men får ikkje sagt det ho vil slik ho vil.
Beklager, Listhaug, men dette kjøper eg ikkje. Når du bruker ein slik retorikk, når du uttaler deg slik du gjer, då må du vente at me kritiserer retorikken din. Då må du vente at me snakkar i mot deg utan at du skal framstille deg sjølv som eit offer av den grunn. Det her handlar ikkje om deg, og det handlar ikkje om FrP. Det handlar om flyktningane, og dei er menneske som deg og meg. Om du føler at me kritiserer deg, korleis trur du ikkje då det er for flyktningar og asylsøkarar å heile tida få høyre at dei er eit problem og ei belastning?
Til slutt: Hugs at sjølv om problema ikkje skal feiast under teppet skal heller ikkje dei positive historiene bli feia under teppet.
Bilete frå Wikimedia