No er det berre litt over seks veker til eg reiser på utveksling. Mykje byrjar å kome på plass. Eg har endeleg fått opptaksbrev, eg har fått stad å bu og eg har fått stadfesta at eg har kome med på språkkurset eg skal ta i september. Det nærmar seg veldig, og eg kjenner at eg er spent og nervøs og forventningsfull og alt mogleg på ein gong.
Eg får ofte mange av dei same spørsmåla om utvekslingsopphaldet mitt, så difor tenkte eg at eg kunne lage eit innlegg kor eg svarer på ofte stilte spørsmål.
1) Kvifor Tyskland?
For det første kan eg tysk ganske godt, så då passa det jo å reise til eit land kor dei snakkar tysk. For det andre er det stor etterspurnad etter folk som kan snakke tysk og har studert i Tyskland, og som eit karrierejagande menneske som mest av alt er oppteken av CVen passa jo Tyskland ganske godt (Eg er oppteken av andre ting enn CVen altså. Til dømes er eg ganske interessert i bøker.) For det tredje har eg feriert i Tyskland to gonger og vore på ein skuletur dit. Inntrykket eg har fått frå dei gongene har vore utruleg bra. Tyskland har mykje å by på. Det er ei blanding av gammalt og nytt. Du ser korleis historia har sett preg på alt frå små stader til store stader. I Dresden til dømes ser du svarte merke overalt i byen. Blant anna er delar av Dresden Frauenkirche svart. Dette er på grunn av bombinga av Dresden under andre verdskrig. Veldig spesielt, og særleg sidan dei delane av kyrkja som ikkje er svarte har blitt bygga på ny etter krigen.
Bileta ovanfor er frå Dresden Frauenkirche og Dresden Academy of Fine Arts. Dei ber preg av mine litt begrensa ferdigheiter med fotografiering i 2013.
Den siste grunnen til at eg har valt Tyskland er rett og slett at eg er veldig fascinert av historia til landet. For hundre år sidan var dei delaktige i den første verdskrigen. I mellomkrigstida opplevde dei revolusjonar, statskupp, økonomisk krise og ekstreme politiske strøymingar. Så kom den andre verdskrigen som førte til at store øydeleggingar og eit land som vart delt mellom dei som gjekk sigrande ut av krigen. I løpet av den kalde krigen vart Bundesrepublik Deutschland (Vest-Tyskland) og Deutsche Demokratische Republik (Aust-Tyskland) grunnlagt i 1949. For berre litt over femti år sidan bygde dei muren i Berlin.
I dag, i 2017, er Tyskland ei europeisk stormakt med ein forbundskansalar som fleire gonger har blitt kåra til verdas mektigaste kvinne. Dei har verdas tredje største bilindustri og er ein garantisk for eit europeisk samarbeid. Den europeiske sentralbanken ligg i Frankfurt. Alt dette etter hundre år med krig, totalitære ideologiar og splitting.
Beklager historietimen, men synest det er stort å tenkje på. Eg vil bli betre kjent med eit land som har vore gjennom alt dette og likevel har klart å reise seg.
2) Kor skal du til i Tyskland?
Eg skal til Konstanz som ligg heilt sør i delstaten Baden-Württemberg. Det er ein by med ca. 80.000 innbyggjarar og er dermed den største byen langs Bodensee.
3) Er det via universitetet eller reiser du på eiga hand?
Det er via utvekslingsprogrammet til Universitetet i Oslo. Dei to semestera eg skal vere i Tyskland går inn i bachelorgraden min i statsvitskap.
4) Kva fag skal du ta?
Eg veit ikkje heilt sikkert endå alle faga eg skal ta, men eg må i alle fall ta eit emne i internasjonal politikk. Det er eit obligatorisk fag i bachelorgraden min, og eg skulle eigentleg tatt det ved Universitetet i Oslo i haust. På grunn av utveksling må eg ta det i Tyskland. Utanom det må eg ta eit emne som erstattar eit fag på 2000-nivå (eit fordjupningsfag innanfor komparativ politikk, internasjonal politikk, politisk teori eller offentleg politikk og administrasjon). 40 studiepoeng kan eg velje heilt fritt.
5) Korleis ordnar du med plass å bu og korleis skal du bu?
Då eg sendte søknad til Universitetet i Konstanz søkte eg òg om stad å bu. Alle internasjonale studentar er garantert bustad i Seezeit Studierenderwerk sine studentbustadar. No har eg fått tildelt plass i ein studentbustad berre seks minutt med sykkel frå universitetet.
6) Kor lenge skal du vere der?
To semester er planen.
7) Må du studere på tysk?
Ja, hovudsakleg. Enkelte emne eg kan velje er på engelsk. Flesteparten er på tysk. Heldigvis har eg gått inn for å lære meg språket, og eg skal ta språkkurs ein månad i september før semesteret startar.
8) Gler du deg?
Ja.
Bilete: Mest frå Wikimedia, to eg har tatt