Zürich, Stuttgart og Berlin pluss pluss

Eg vil starte dette innlegget med å seie at eg er veldig skuffa over at VG ikkje har ringt meg. Eg har altså hatt ein like lang bloggpause som Mammatilmichelle (minst!), og så er det ikkje ei einaste avis som ringer og lurer på kor eg blir av. Utruleg skuffande.

Neidå, eg tullar sjølvsagt.

Eg har ikkje hatt alt for mykje tid til å blogge den siste månaden. Det har gått litt i eitt med turar og studier, og dermed har eg fått lite tid til å skrive noko her. Her kjem ei lita punktliste over det eg har gjort sidan sist og andre ting eg har tenkt på.

  • Zürich 2. oktober. Dyr by, men ganske fin. Skulle ønske eg hadde hatt meir tid og krefter til å utforske gamlebyen. Synest likevel Konstanz er finare. Vatn kostar 35 CHF (altså 35 euro for ein halv liter).

  • Stuttgart 5.-6. oktober. Inntrykket mitt frå Stuttgart og Zürich er prega av at eg framleis sleit med matlysten etter å ha vore sjuk i ei til to veker og difor sleit med å ha nok energi. Stuttgart var ikkje ein veldig fin by, men det er mykje å gjere der sidan det er delstatshovudstaden i Baden-Württemberg. I løpet av tida me var der var me på to bilmuseum (Mercedes og Porsche) og eit kunstmuseum. Likte Mercedes-museet betre enn Porsche-museet på grunn av den historiske konteksten dei sette bilane inn i og fordi dei hadde ei tidslinje på veggen som handla om noko anna enn bil.
Bilete av meg med den perfekte familiebilen.
  • Besøk av familien 9. oktober til 13. oktober. Eg fekk bu på hotell i nesten ei veke saman med familien. Trur ikkje dei opplevde meg som den perfekte guiden sidan eg nesten ikkje klarte å finne fram til kyrkja i sentrum av gamlebyen. Men me kom dit til slutt. Utanom kyrkja fekk eg vist familien Meersburg, Mainau og Bismarckturm. Alltid koseleg med besøk.
  • Berlin 15.-19. oktober. Ja, me plutseleg var me i Berlin tre heile dagar. 15. og 19. oktober vart brukt på å ta buss ti til tolv timar i strekk. Dei tre dagane i mellom vart brukt på Berliner Zoo, DDR-museet, “omvisning” i Reichtag (føredrag om historia til bygninga og audi-guide i kuppelen), Brandenburger Tor, Checkpoint Charlie, Spionmuseum, Pergamonmuseet og Neues Museum. Favorittane mine er Pergamonmuseet og DDR-museet. DDR-museet er lite, men kanskje noko av det beste Berlin har å by på. Det er interaktivt og viser på ein veldig god måte korleis DDR var som land.

  • Universitetsball 21. oktober. Eg er så glad eg kjøpte billett til dette. Då me kom stod rektoren på universitetet og handhelste på alle og sa velkommen. I tillegg var det skikkeleg ball med skikkeleg dans. Dei hadde fått dansarar til å kome frå andre stader for å danse pardans. For ein kveld! Her er eit bilete av meg og Tom frå ballet:

  • Studiestart 24. oktober. No har det verkeleg starta. Eg er i gang med lesing og oppgåveskriving og hardkøyr. Gler meg allereie til juleferien slik at eg får ein pause. Men det er gøy altså. I tillegg har vêret skifta frå 20 grader heilt til midten av oktober til ned mot null no. Eg går til universitetet kvar dag. Har kjøpt alt for mange bøker, særleg på tysk. Er 200 sider inn i den første eg kjøpte, Gute Geister (The Help/Barnepiken).
  • Neuschwanstein 4. november. Endeleg fekk eg sjå Disney-slottet over alle Disney-slott. Fint utanpå, turistfelle på innsida. Gøy å ha vore der, men reiser ikkje tilbake med det første. Litt for mange folk, og det fascinerer ikkje på same måte etter å ha vore der ein gong. I tillegg er Marienbrücke ganske skummel. Sjå for deg ei bru mellom to fjellknausar som gyngar når du går på henne. Og sjå for deg at det til ei kvar tid er minst tjue menneske på denne brua…

Dette var vel alt for no. Litt oppstykka innlegg med litt for mange ufullstendige setningar (gramatisk sett). Eg skal prøve å kome sterkare tilbake seinare.


Kommenter