Skyttargravsdebatt om abortlova

Abortlova har blitt ei heilag ku. Nesten ingen forslag, uansett kor konstruktive dei er, kan diskuterast.

Skjermbilde 2017-04-07 kl. 19.38.00

Leiar i AUF, Mani Hussaini, skriv på Facebook at haldningane KrFU har til abort ikkje høyrer heime i 2017. Eg meiner at haldningane AUF har til debatt om vanskelege etiske problemstillingar ikkje høyrer nokon stad heime.

Torsdag 30. mars publiserte NRK ei sak med leiar i KrFU, Ida Lindtveit, kor ho blant anna tok til ordet for at me må diskutere om sjukdom i seg sjølv skal vere eit abortkriterium.

Det ser ut til at ein del ikkje har lese saka før dei hiv seg over tastaturet og ytrar seg på sosiale media. Andrea Sjøvoll, leiar i SU, skriv at KrFU vil ha omkamp om abortlova.  Mani Hussaini kallar oss moralistar. Bjørn-Kristian Svendsrud, leiar i FpU, kallar det eit forslag frå middelalderen. Andre kjem med kommentarar som ”70-tallet ringer” eller at det er gammaldags og bakstreversk. At KrFU står nokså aleine i debattar som dette er me klare over, men me håpar på å bli møtt med eit minimum av respekt.

Det forslaget til KrFU går ut på er presisering av ordet ”sjukdom” i §2c i lova om svangerskapsavbrot. Tredje ledd i §2 i abortlova handlar om kva som er kriteria for seinabort. I dag er det blant anna slik at eit foster med eitt ekstra kromosom, som til dømes dei med Downs syndrom, kan bli abortert på bakgrunn av abortlova §2c fordi desse tilfella er dekka av ordet ”sjukdom”. Diskusjonen KrFU legg opp til er kva ”sjukdom” betyr: Skal det vere greit å abortere eit foster med leppe-skjeve-ganespalte? Kva er ligg det eigentleg i formuleringa? Ei presisering kan hindre sortering og bidra til eit større mangfald i samfunnet.

”Abortloven vil bestå”, seier Lindtveit i intervjuet med NRK. Det er altså ikkje slik ein del hevdar at dette forslaget går ut på å fjerne retten til sjølvbestemt abort. Det forslaget handlar om er at me ikkje vil ha eit samfunn kor det å vere annleis enn andre skal vere god nok grunn til seinabort. Me vil ikkje ha eit samfunn kor nokre har større rett til liv enn andre. Eit slikt standpunkt må det vere lov å framheve i media utan at andre ungdomsparti skal gå rett i skyttargrava.

At KrFU står nokså aleine i debattar som dette er me klare over, men me håpar på å bli møtt med eit minimum av respekt.

Det har blitt ein tradisjon at alt som handlar om abortlova blir møtt med skarpe innlegg frå leiarane i SU og AUF. Det treng ikkje ein gong å handle om ei endring for at dei skal slå laus på KrFU. Denne gongen var det ei presisering av eit ord dei oppfatta som eit åtak på retten til sjølvbestemt abort. Abortlova har blitt ei heilag ku. Nesten ingen forslag, uansett kor konstruktive dei er, kan diskuterast. Å stille spørsmålsteikn ved ein liten del av lova skal ikkje vere lov. Me skal ikkje kunne peike på etiske problemstillingar. Dei einaste forslaga som er lov å kome med er dei som vil gjere lova meir liberal enn den er no.

Eit anna tema Ida Lindtveit tok opp i NRK-intervjuet var fosterreduksjon. Frå 2016 har det vore lov å fjerne foster ved fleirlinggraviditet. Sjølv legar åtvara og peikte på at det utgjorde ein fare for fosteret som ikkje blir abortert, vart fosterreduksjon vedteke. Den største skilnaden frå tidlegare er at det no er lov å fjerne eit 100% friskt foster viss det er ”ein for mykje”. Norge er eit av dei få landa som har tilbod om fosterreduksjon noko som fortel oss at det er ikkje så rett fram som ein del skal ha det til. Nokre synest det er hårreisande at KrFU ikkje vil tillate det. Eg synest det er hårreisande at me ikkje kan diskutere det sakleg og utan å mistenke kvarandre for å ha andre motiv med diskusjonen.

Viss me ikkje kan diskutere saker som handlar om presisering av ord i abortlova eller fosterreduksjon, kor stort blir då rommet for å meine annleis enn det som er norma?. Kristin Clemet i Civita viste i innlegget Et foster for mye (Vårt Land 22. Februar 2016) at det finst mange etiske problemstillingar rundt fosterreduksjon, problemstillingar som ein del ungdomspolitikarar ikkje vil imøtegå. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen viste i fjor i ein debatt med Dagrun Eriksen, nestleiar i KrF, at det er mogleg å argumentere mot KrFs forslag, men likevel vere konstruktiv og sakleg. Det er dette me bed om i debatten.

Når framtredande politikarar møter meiningsmotstandarar slik AUF og SU har gjort i denne saka, seier dei at det er greitt meine noko om kva andre skal ha lov til å meine og ikkje. Det er lite som er meir illiberalt enn det.

Bilete: Faksimile frå Vårt Land papiravis

Først publisert på Verdidebatt.no 4. april 2017 og i Vårt Land papiravis 7. april 2017

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s