10 døde i Tyskland får mange minutts sendetid på Dagsrevyen. 80 døde i Afghanistan får under eitt minutt.
På laurdag var det nesten litt surrealistisk å sjå korleis nettavisene laga mange forskjellige saker om skytinga i München, medan terrorangrepet i Kabul fekk relativt lite merksemd i forhold. Frå München var det nyheitsstraum med kontinuerlege direkte oppdateringar. Det var fleire saker på topp på nesten alle nettavisene.Dagsrevyen sette inn to reporterar som delte den siste informasjonen som hadde kome og teoriane rundt angrepet.
Kontrastane til den vesle snutten rett etterpå om angrepet i Kabul, var enorm. Der var det ingen reporterar, ingen teoriar, ingen forklaringar og berre heilt nødvendig informasjon som kor mange døde det var, kor det skjedde, kven som stod bak og kven som var ramma. Eg pleier vanlegvis ikkje reagere så sterkt på denne forskjellsbehandlinga, fordi det er alltid noko ekstra med det som skjer nær oss. Eg har jobba på kjøpesenter store deler av sommaren og kan berre prøve å førestille meg frykta som ramma dei som var inne på Olympia Einkaufszentrum.Altfor mange liv er snudd på hovudet den siste veka. Men det gjelder ikkje berre i München, slik media ser ut til å tru, men òg i Kabul.
Då det skjedde to terrorangrep veldig nær kvarandre i tid i november i fjor, eitt i Paris 13. november og eitt i Libanon 12. november, forstod eg argumentasjonen for å fokusere mest på Frankrike. Det er nærmare oss både geografisk og kulturelt, dødstala var høgare og det var det andre store angrepet i Paris på under eitt år. Angrepa der vart sett på som angrep på viktige verdiar som har prega demokratiske land heilt sidan den franske revolusjonen: fridom, likskap og brorskap. No kan ikkje dei same argumenta nyttast.I Kabul er det minst 70 fleire døde. Dei drepne var frå hazara-minoriteten og gjekk i ein fredeleg demonstrasjon mot eit kraftverk. Å demonstrere mot det ein er usamd i er ein viktig demokratisk verdi, og angrepet frå IS er difor også eit angrep på ein grunnleggjande menneskerett: Ytringsfridommen.
Eg seier ikkje at tragedien i München ikkje burde fått mediemerksemd, men kunne dei kanskje ha fokusert like mykje på dei 80 døde i Kabul? Kunne dei latt ein reporter eller to kome med informasjon om angrepet og forklare nærmare? Kunne dei ha laga sterke reportasjar om enkeltmenneske som vart råka?
Me kan ikkje la geografisk distanse bli kjenslemessig distanse. Det er lite solidarisk.
Bilete: Faksimile frå Aftenposten
Først publisert i på Aftenposten.no 25. juli 2016 og i Aftenposten papiravis 26. juli 2016