Sexkjøpslov gir fridom

Sjølv om nokre arbeider som prostituerte av fri vilje, er det dei som er tvugne inn politikarane må tenkje på. 

13669646_1210404622344971_8074944138546628657_n
Unge Venstre (UV), Unge Høgre (UH) og Framstegspartiets Ungdom (FpU) er nok ein gong ute og hevdar at legalisering av sexkjøp vil gjere livet betre for prostituerte i Noreg. Den liberalistiske ideen om negativ fridom lever i beste velgåande i dei borgarlege ungdomspartia.

I store trekk dreier debatten sexkjøp seg om den nordiske modellen fungerer. Sverige, Noreg, Island, Finland og Nord-Irland har klare forbod mot kjøp av sex nedfelt i lov. Seinast i april 2016 følgde Frankrike etter. Den nordiske modellen ser på prostitusjon som utnytting, forbyr kjøp av sex, definerer prostituerte som offer i staden for kriminelle og gir offera hjelp til å kome seg ut av prostitusjonen.

I Noreg har debatten hovudsakleg dreia seg om det som blir kalla «sexkjøpslova». I realiteten er det ei lov som medførte endring i straffelova frå 1902. I dag er forbodet mot kjøp av sex heimla i straffelova § 316 om Kjøp av seksuelle tjenester fra voksne. I tillegg har det blitt teke til orde for å fjerne den såkalla hallikparagrafen, straffelova § 315, som forbyr å fremme andres prostitusjon og å leige ut lokale som skal brukast til prostitusjon.

Ifølgje Unge Venstre, Unge Høgre, FpU og moderpartia deira fungerer ikkje desse reglane etter hensikten. Dei meiner at dei prostituerte har fått det verre og at det er vanskeleg å avsløre bakmennene. I tillegg skal dei prostituerte kallast sex-arbeidarar, og sex-arbeidarane skal kunne jobbe på bordell med rettane til ein vanleg arbeidstakar. Slik skal me visst nok få slutt på seksuell utnytting og vald. «Det er en grunntanke i Venstre at man skal møte sosiale problemer med sosiale tiltak, ikke straff og politi», sa Tord Hustveit

Den politiske teoretikaren Isaiah Berlin formulerte i essayet Two Concepts of Libertyomgrepa positiv fridom og negativ fridom. Somme gonger blir «fridom til» og «fridom frå» brukt for å forklare tydinga. Den positive fridommen har tradisjonelt stått sterkt på venstresida og kan seiast å vere fridommen til å realisere potensialet sitt. På høgaresida har den negative fridommen blitt omfamna, særleg av liberalistar, som ønskjer fridom frå forbod og hindringar. Det er difor ikkje særleg overraskande at nettopp dei tre liberalistiske ungdomspartia er dei som talar varmast for å fjerne forbodet mot kjøp av sex og bordellverksemd. Spørsmålet er berre: Gir legalisering av sexkjøp mest reell negativ fridom slik dei hevdar?

I Tyskland har kjøp av sex og bordellverksemd vore lovleg sidan byrjinga av 2000-talet. Dåverande familieminister Christine Bergman frå Sozialdemokratische Partei Deutschlands (Arbeidarpartiet i Tyskland) og Kerstin Müler, parlamentarisk leiar for Die Grünen (MDG i Tyskland), skålte med champagne då dei nye reglane vart vedtekne. Femten år seinare er det lite å skåle for. I rapporten til U.S. Department of State, 2014 Trafficking in Persons report, står det: «Germany is a source, transit, and destination country for women, children and men subjected to sex trafficking and forced labour.» Tidlegare har Tyskland blitt omtalt som Europas bordell. Folk reiser frå heile verda til Tyskland for å kjøpe sex. Berre i Berlin er det rundt fem hundre bordell. Heller ikkje i der tårer dei prostituerte å gå til politiet, og i ein artikkel i Der Spiegel (How Legalizing Prostitution Has Failed) seier ei av kvinnene, Alina, at bakmennene alltid veit når politiet kjem på raid på bordella. Truslar om å skade familien til dei prostituerte gjer at dei held seg borte frå politiet. Dei same resultata ser ein i Nederland og Spania.

Spørsmålet me alle stiller oss må vere: Kva skader minst? Prostitusjon vil alltid vere ein bransje som er prega av trafficking, vald og utnytting. Sjølv om nokre arbeider som prostituerte av fri vilje, er det dei som er tvungne inn politikarane må tenkte på. Dei siste åra har identifiserte offer for menneskehandel i Noreg vore på over 300, og flesteparten av desse er kvinner som har jobba innanfor prostitusjon. Fridommen deira må prioriterast framfor fridommen til dei som gjer det frivilleg når lovverket skal utformast.

Når den nordiske modellen fungerer som den skal, vil det vere den som sikrar flest mogleg reell fridom. Straff av sexkjøp er riktig fordi det hindrar at fridommen nordmenn har til å kjøpe sex går utover fridommen til den prostituerte. Dessverre har politiet med Operasjon Husløs latt moglegheita til å handsame prostituerte som offer og ikkje kriminelle gått frå seg, og dermed heller ikkje hjelpt til å styrke den nordiske modellen. Men ei lov kan ikkje opphevast fordi ho ikkje blir handheva som ho skal. Då er det langt viktigare med god opplæring av politiet og andre som møter prostituerte.

Ei oppheving av sexkjøpslova vil gi fridom frå forbodet mot kjøp av sex og bordellverksemd, men er det ikkje like viktig å sikre at dei prostituerte får fridom frå tvangen og undertrykkinga? Viss dei borgarlege ungdomspartia vil sikre reell negativ fridom, burde dei tenkje på fridommen til dei som er tvungne inn i prostitusjon, og det gjer dei ikkje ved å oppheve sexkjøpslova og hallikparagrafen.

 

Bilete: Faksimile frå Vårt Land

Først publisert i Vårt Land papiravis og på Verdidebatt.no 25. juli 2016

Advertisements

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s