Me har ei plikt til å bry oss

Me kan ikkje snu oss bort eller scrolle vidare nedover når me rett framfor oss har eit bilete frå ei krigssone som Aleppo. Me har ei plikt til å bry oss!

15232227_1326762187375880_1644362771590281959_n

Dette bilete la eg ut på Facebook og Instagram for ca. ein time sidan. Eg var oppe på takterassen der eg bur og tok biletet. Tenkte at ein så fin himmel må dokumenterast med mobilkameraet for å å bli lagt ut på Instagram og Facebook. Berre for å vise at eg òg har sett at himmelen er raud og fin i kveld. Berre for å vise kor bra eg har det akkurat no.

Litt seinare sat eg i senga i vinterjakken som eg ikkje hadde tatt av meg endå. Eg sat og såg på Facebook-feeden min, kva venene mine meiner i kveld og kva dei tek seg til. Eg såg kjapt gjennom dei siste oppdateringane på Instagram, eg såg på Snapchat om folk hadde opna snappen eg hadde sendt, og så likte eg eit par halvmorosame tweets på Twitter. Sjølvsagt medan eg sat og svarte på meldingar og følgte med på likes på biletet eg hadde lagt ut.

Eg hadde akkurat nådd tolv likes på Facebook. Var greitt nøgd med det ein fredags ettermiddag, så eg smilte litt og gjekk tilbake til nyheitsfeeden. Og då kom denne nyheita frå NRK opp.

skjermbilde-2016-11-25-kl-17-46-28

Det var som eit slag i magen. Her sat eg og sjekka likes på eit FB-bilete og lurte på eg skulle lage meg kveldsmat/middag om ein halv time eller time. Eg sat trygt og godt i mi eiga seng og sjekka sosiale media som om alt dreier seg om meg og dei eg omgir meg med. Som om verda utanfor mobilen min ikkje eksisterte i røynda.

I dag har me markert Black Friday, eller det vil seie: Butikkane sa at me skulle markere denne dagen, så då gjorde me det. Nokre har stått i kø sidan tidleg på morgonen for å få tak i det dei skal ha. Forbrukarøkonom Silje Sandmæl har delt tipsa sine for ein vellukka Black Friday. I USA brukte dei først gårsdagen, Thanksgiving, på å takke for alt dei har, og så bruker dei dagen i dag på å kjøpe inn alt dei føler dei burde ha. Alt dette medan det er full krise i ein annan by i eit anna land.

I Aleppo har dei ikkje hatt Black Friday-sal, og truleg er det mange som føler at dei heller ikkje har så mykje å takke for. I Aleppo vart det ikkje tatt bilete av ein fin, raud himmel i dag. Der har det blitt tatt bilete som det ovanfor for å prøve å nå fram til alle oss som sit med hovuda ned i mobiltelefonane og treng å sjå at det finst noko utanfor oss sjølv, utanfor Norge, som fortener merksemda vår.

Kva vil eg seie med det her? Skal me kontant gå rundt og tenkje på alt som er trist og fælt i verda, på alle som ikkje har det like bra som oss? Eg trur alle forstår at det kan me ikkje. Det hadde teke for mykje tid, og i tillegg treng me å kunne leve liva våre som vanleg. Men det betyr likevel ikkje skal bry oss. Når nyheiter som dette dukkar opp i feeden vår kan me trykke innpå og vie det merksemd. Me kan opparbeide oss kunnskap om det som skjer.

Det er større sjanse for å bli lottomillionær enn å bli født i Norge. Me er så vanvittig heldige som sit her og ikkje der, for det kunne ha vore oss som budde i ein by kor det siste sjukehuset har blitt bomba. Me kan ikkje snu oss bort eller scrolle vidare nedover når me rett framfor oss har eit bilete frå ei krigssone som Aleppo. Me har ei plikt til å bry oss!

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s