Takk, Leo, for at du vekka engasjementet mitt igjen.
Som mange andre har eg òg sett dei første episodane av Leo Ajkics nye TV-serie Flukt, og som mange andre har eg blitt gripen av det eg har sett. Det er så nært og vondt og rørande, men samstundes får me sjå dei små lyspunkta, det som gjer at livet er verdt å leve sjølv om du har flykta frå landet og byen kor du vaks opp. Det er rett og slett ein av dei beste TV-seriane eg har sett.
Grunnen til at eg meldte meg inn i KrFU i 2011 var asyl- og innvandringsspørsmål.
Eg vart for alvor engasjert i flyktningdebatten hausten 2014. Då haldt eg det første innlegget mitt om temaet. Me snakka om å ta i mot 5000 flyktningar i 2015. Me snakka om å gjere flyktningkrisa meir synleg i media. Me snakka om den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen.
Grunnen til at eg meldte meg inn i KrFU i 2011 var asyl- og innvandringsspørsmål. Eg klarte ikkje å forstå urettferda i at eg som var så heldig å bli født i Norge skulle ha det enormt mykje betre enn andre. Eg klarte ikkje å forstå at me ikkje kunne dele noko av velstanden vår med dei som opplevde krig og konflikt. Difor var det ikkje vanskeleg å engasjere seg i flyktningdebatten då den kom.
Våren 2015 handla alt om dei ti tusen me skulle ta i mot over ein periode på to år. Det handla om appellar, landsmøteinnlegg og lesarbrev. Det handla om ekte engasjement, om sinne, frustrasjon, glede og forventning.
Og så kom hausten og valkampen. Og flyktningane kom. Me såg bilete av dei gåande på motorvegen i Danmark. Me såg bilete på Dagsrevyen av at dei kom til Norge. Dei var ikkje lengre berre i Syria eller Libanon eller Hellas. Dei var hos oss. Først gjekk det veldig bra. Heile debatten handla om korleis me kunne ta vare på dei som kom best mogleg. Det vart oppretta Refugees Welcome-grupper og folk stilte opp som best dei kunne.
Plutseleg er det einaste du høyrer det negative. I staden for å bli engasjert vart eg apatisk i møte med nyheiter som handla om temaet
Men hausten var òg den tida eg merka at flyktningpolitikk ikkje berre handla om 10.000 kvoteflyktningar og å stille opp for dei som har flykta frå krig og konflikt. Vinden snudde og innvandringsskeptikarane fekk vind i segla. Plutseleg handla det ikkje om kva me kunne gjere for å hjelpe, men om korleis me skulle strame inn og korleis me skulle hindre fleire i å kome til oss. Debatten vart uoversiktleg, og eg klarte ikkje å skilje mellom dei ulike innstramingsforslaga og kva dei gjekk ut på og kva konsekvensar det ville ha. Det politiske temaet eg hadde engasjert meg i lenge var plutseleg vanskeleg å kjenne igjen.
På den eine sida er det slik ein bør vere førebudd på. Politikken er ikkje lik i frå dag til dag. Samstundes var kanskje det eg brydde meg aller mest om, menneska midt oppi det heile, fråverande då politikarane sat og diskuterte og inngjekk forlik. Noko anna som eg må innrømme, og som eg syntest var veldig vanskeleg, var at eg vart påverka. Eg vart påverka av tanken om at me må strame inn og at flyktningkrisa ville endre Norge i ei negativ retning. Plutseleg er det einaste du høyrer det negative. I staden for å bli engasjert vart eg apatisk i møte med nyheiter som handla om temaet. Eg var lei av al det negative, av alt “dommedagshysteriet”. Mange av dei eg kjenner vil kanskje tenkje at det er rart, for eg delte jo innlegg på FB, eg skreiv jo innlegget Kva om Amar var ei norsk jente? og fekk det publisert i Vårt Land. Er ikkje det teikn på engasjement?
Jo, det er det, og alt gjekk i bølgjer. Likevel hadde eg behov for å distansere meg frå debatten og distansere meg frå alt snakket som sette systemet framfor menneska. Det handlar ikkje om at eg ikkje taklar usemje. Det handlar ikkje om at eg vil opne grensene og la alle kome inn. Fokuset bør ligge på korleis me kan hjelpe flest mogleg best mogleg, men eg opplevde at ein del ikkje såg slik på det. Det verka på meg som om dei ville gjere det så kjipt og vanskeleg dei berre kunne. Det verkar som om regjeringa nesten jobba mot ei vellukka integrering berre for å kunne slå i bordet og seie: “Sjå her! Dette er det innvandring fører til”. Eit slikt politisk landskap er det vanskeleg å navigere i.
No har mykje endra seg. Om det kan ha noko å seie at eg fokuserte på andre delar av politikken i ein periode veit eg ikkje. Men eg veit at det hadde noko å seie at eg møtte ein familie frå Syria då eg var heime på juleferie. Og eg veit at det hadde noko å seie at eg såg første episode av Flukt. Det hadde noko å seie at eg fekk møte menneska dette handlar om.
Takk, Leo Ajkic for den varme måten du møter folk på flukt på. Takk for at du møter dei som likemenn. Takk for at du viser kven dei som kjem hit eigentleg er. Takk for at du står midt i ein flyktningleir og seier: “Eg veit at amerikanarane har eit sånt uttrykk ‘får du det til i New York, får du det til kor som helst’. Bullshit. Får du det til her, får du det til kor som helst”. Takk for optimismin din og for at du trur på menneska. Takk for at du fortel historia di og viser oss kor mykje hat kan øydelegge.
Takk, Leo, for at du vekka engasjementet mitt igjen.