Om eit døgn er eg på veg ned til Tyskland. Eg varierer mellom å tenkje: “Eg gler meg noko heilt vilt” og “Kvifor søkte eg eigentleg om å få reise på utveksling i februar?”
Når eg sit og ser på TV-proram på fredagane og laurdagane dukkar ofte setninga “Det er en helt ubeskrivelig følelse”. Viss dommarane har trykka på den raude knappen i The Voice, viss artistane i Stjernekamp synest dei song bra eller viss dei som dansar i “Skal vi danse” er nøgde med gjennomføringa. “Det er en helt beskrivelig følelse”. Eg tenkjer då at me burde faktisk bli litt betre til å skildre kjenslene våre.
Men viss nokon hadde gitt meg ein mikrofon og spurt meg: “Hvordan føles det?” slik nesten alle programleiarane gjer, trur eg eigentleg ikkje at eg hadde kome på eit mykje betre svar sjølv. For det er vanskeleg å skildre korleis det er å skulle reise på utveksling. Det er ei blanding av alt samstundes. Eg tenkjer veldig mykje på det. Eg er ikkje i tvil om at eg gler meg til å kome ned og til å treffe folk, men så byrjar eg å tenkje på at eg berre skal sove ei natt til i eiga seng, at eg berre skal heim to gonger før juli neste år (etter det som er planlagt, og heldigvis skal eg heim ganske lenge i mars) og at eg ikkje kjenner nokon der nede sånn skikkeleg.
Og så tenkjer eg på rommet mitt, at eg gler meg til å sjå kor eg skal bu og kven eg skal bu med. Eg gler meg til den augeblinken eg berre kan synke ned på senga og tenkje: “No er eg her.” Eg gler meg til å handle inn ting eg treng og bli kjent med byen. Eg gler meg til språkkurset og ekskursjonane og til å treffe nye folk. Eg gler meg til sjølve studia, og ja, eg merkar faktisk at det ikkje hadde vore noko problem å starte å studere for nokre veker sidan då dei eg gjekk med på UiO i fjor starta.
Det er eigentleg berre eit kaos av kjensler kor eg gler meg kjempemasse, gruar meg litt, men er aller mest nervøs og spent. Eg har tenkt på å reise på utveksling sidan eg gjekk på ungdomsskulen og no skjer det. I morgon. Det er eigentleg litt vanskeleg å forstå. Det kjentes veldig lenge til då eg søkte i februar, men no er det ikkje lenge til i det heile tatt.
Eg trur eg berre må stoppe her, for eg har ikkje noko meir å seie. Det er berre godt å skrive litt og få ut litt “på papiret”. Alltid når eg legg meg skriv eg ned tre ting eg er takksam for i ei bok med bilete av Audrey Hepburn frå filmen Breakfast at Tiffany’s. I går var den boka pakka bort, så då fekk eg ikkje gjort det. Eg merka at det var litt vanskelegare å roe seg ned utan den litle stunda kor eg berre kunne tenkje tilbake på dagen og kva eg var takksam for. I staden for gjekk tankane rett til morgondagen. Men sånn er det. Eg kan ikkje bli avhengig av ei notatbok for å roe meg ned.
Eg skal prøve å blogge når eg kjem ned, og eg skal prøve å ta bilete av byen og rommet og universitetet. Viss de følger bloggen og Facebook-sida (facebook.com/mailenefh) får de med dykk kva som skjer.
Snakkes!
Bilete: Wikimedia