Hei, Tyskland!

 

No er det ei veke og to dagar sidan eg kom til Tyskland. Grunnen til at eg ikkje har blogga før no er ikkje at eg ikkje har noko å skrive om, men at har eg hatt så mykje å gjere at eg ikkje har hatt tid. Det går slag i slag, og det er lite tid til overs kor eg ikkje har noko å gjere.

Dagane har for det meste gått med til tyskkurs og orienteringskurs. GO Konstanz heiter språkkurset eg går på. G står for “German” og O står for “Orientation”, og det er eigentleg det alt handlar om. Tysk før lunsj og orientering etter lunsj.

På den eine sida er GO Konstanz ganske likt det eg hadde forventa. Me blir slusa gjennom det tyske byråkratiet og får eit ferdig program i hendene for dei neste fire vekene. På den andre sida er det ikkje heilt som eg venta, for eg kom ikkje på at det er så sosialt og så enkelt å få vener. Det er ikkje berre informativt, men òg gøy. I tillegg til tysken og orienteringa har me vore på ekskursjonar i helgene og me har drukke kaffi saman i vekedagane. For ei veke sidan utforska me gamlebyen og havna. I går kveld gjekk me tur til Bismarckturm for å sjå på solnedgangen. Bileta nedanfrå er frå Birsmarckturm. Utruleg fint.

Tyskkurset eg går på er generelt veldig gøy, men utfordrande. Me er delt opp i veldig små klassar (under 15 i kvar klasse). Det er ulike nivå i kvar klasse. Eg er utruleg nøgd med dei eg går med. Dei er snille, hyggjelege folk med humor. Læraren vår er blid og veldig flink til å lære frå seg. Samstundes er han streng og tydeleg. Det blir snakka tysk heile tida, og om eit ord må forklarast er det forbudt å gå over til engelsk. Alt, til og med forklaring av ord, føregår på tysk. Læringskurva er ganske bratt. Ikkje minst får me lært oss å forstå tysk godt. Den andre dagen skulle me ta med eit bilete og presentere eit tema me valte sjølv. Eg valte å seie litt om det norske valet og tok med eit bilete av Erna Solberg. No heng biletet av henne på veggen på sida av presentasjonen av meg:

Universitetet er veldig moderne både i utsjånad og på andre måtar. Strukturen er ikkje hierarkisk, og ingen skal bli ekstra framheva. Når du sit i kantina kan du forvente å møte professoren din fordi alle et på same plass. Elles er det ein labyrint som skal vere eit symbol på at vitskapen er kompleks. Det er ikkje veldig lett å finne fram. Tysklæraren min sa at det er ulike fargar på dei ulike bygningane slik at bygg A har ein farge og bygg K ein annan farge. Dessverre kan desse fargane berre bli sett ovanifrå… Det er fullt mogleg å gå frå bygg A til bygg K utan å gå ut av bygninga. Frå ein plass til ein annan finst det fleire forskjellige ruter. Litt annleis enn UiO altså.

Viss ein går opp på taket på universitetet er det ekstremt fin utsikt over Bodensee. I alle fall førebels når det ikkje er skodd og kalt. Utover hausten blir nok ikkje utsikten så bra, men det får eg leve med.

Under her er nokre bilete frå havna og byen i Konstanz.

På laurdag var me på omvisning i sjølve byen. Det var kaldt og vått og krevde store paraplyar fleire kunne gøyme seg under, men heldigvis var det interessant og lærerikt i tillegg. Eg har heilt bevisst valt å delta på omvisningane som føregår på tysk for å kunne lære meir òg utanfor universitetet. Som de kanskje ser er ikkje bileta frå ein regntung dag. Dei vart tatt før laurdag.

På sundag var me på ekskursjon til Meersburg. Vêret var fint, så båtturen over Bodensee var heilt nydeleg. Meersburg er ein liten by litt lenger inn i Tyskland. Den ligg ca. 20 minutt med ferje frå Konstanz. På øya ligg det eit gammalt slått, eller ei borg om du vil, som heiter Meersburg (“Slottet ved sjøen”). Staden er kalla opp etter slottet. Dette slottet er faktisk framleis privateigd, men allereie då slottet vart kjøpt i slutten av 1800-talet var det eit ønske om at det skulle vere eit museum. Difor er det mogleg med omvisning her. Dette er det gamle slottet. Rettovanfor ligg det eit nyare slott. Det er viktig at, i følge guiden, at det gamle slottet blir kalla “Burg” og det nye “Schloss”. Det skal visst markere ein skilnad.

Byen Meersburg er heilt nydeleg, og då me var der var det vinfestival. Eg drikk ikkje alkohol, men eg fekk tak i lemonade og alkoholfri vin. Vinen smakte surt og minna meg om altervin. Lemonaden var veldig god. Den britiske venninna mi kjøpte òg lemonade, men med ein annan smak, så eg fekk smakt både appelsinlemonade og eplelemonade. Dessverre kan eg ikkje hugse merket, men det var veldig godt. Like godt som eple- og sitronlemonaden eg hadde på fredag kveld. Den var frå Bodensee-området.

Her er den alkoholfrie vinen. Prøvde å smile i alle fall.

Viss nokon skulle lure ut frå bileta: Ja, eg har vener her nede. Nei, eg legg ikkje ut bilete av dei med mindre eg har lov, og difor er alle bileta keisame landskapsbilete (bortsett frå det siste).

Til slutt: Viss Norge nokon gong skulle få mangel på arbeidsplassar innan forvaltninga kan dei alltids opprette “Bürgerbüro” (“Borgerkontor” direkte omsett). Det har dei her i Tyskland. Om du flyttar til ein tysk by må du innan to veker registrere deg hos Bürgerbüro. Då tar du med pass og ei stadfesting på at du har bustad og blir registrert. Dei spør òg om religion , om du har budd i Tyskland før og kva land du kjem frå (altså om du kjem direkte frå Norge når du er frå Norge eller om du er norsk, men har budd i Sverige dei siste åra). Det er byråkrati, det!

 


Kommenter