Martin Luther King jr.

I ei tid med mykje uro kor menneskeverdet er sett under press, er det på tide å la seg inspirere av idealisten Martin Luther King. Trass i at han ikkje hadde eit einaste offentleg verv, blir han sett på som den mest betydningsfulle i USA etter 1945. 

civil_rights_march_on_washington_d-c-_dr-_martin_luther_king_jr-_and_mathew_ahmann_in_a_crowd-_-_nara_-_542015_-_restoration-2
Det me ofte assosierer med Martin Luther King er organisasjonen Southern Christian Leadership Conference (SCLC), bussboikotten i Montgomery, kampanjen mot rasediskriminering i Birmingham, Washington-marsjen og Nobels Fredspris i 1964.. Martin Luther King kan inspirere gjennom dei konkrete resultata han oppnådde,men likevel er det verdiane og filosofien han bygde dette arbeidet på som verkeleg bør inspirere oss. Det er spesielt tre av tinga han stod for som me kristendemokratar bør lære av: Forrang for ikkjevald, solidaritet og personalisme.

Forrang for ikkjevald

Martin Luther King jr. framheva alltid at kampen mot rasediskriminering skulle skje ved fredelege midlar og ikkje ved vald. Dagen etter han tok i mot Nobels Fredspris haldt han ein tale ved Universitetet i Oslo kor han sa: ”Vold kan medføre en tilfeldig seier, men det kan aldri skape varig fred.” Martin Luther King jr. var sterkt inspirert av Mahatma Gandhi. Dei stod begge for ein pragmatisk pasifisme: Den beste, mest effektive og mest konstruktive måten å løyse konfliktar på er ved fredelege midlar. Inspirasjonen frå Gandhi kjem blant anna fram gjennom ein tekst han skreiv om turen til India:

The trip had a great impact upon me personally. It was wonderful to be in Gandhi’s land, to talk with his son, his grandsons, his cousins and other relatives; (…). I left India more convinced than ever before that nonviolent resistance is the most potent weapon available to oppressed people in their struggle for freedom. It was a marvelous thing to see the amazing results of a nonviolent campaign. The aftermath of hatred and bitternes that usually follows a violent campaign was found nowhere in India.

Solidaritet: 

Kristendemokraten Jon Lilletun skreiv: ”Ein solidaritet som byggjer på nestekjærleik er grenselaus. Han gjeld alle menneske, får lokalsamfunn til verdssamfunn, både levande og komande generasjonar.” Denne type solidaritet finn me igjen i handlingane, talane og tekstane til Martin Luther King.

I kampen mot raseskiljet oppretta han ein organisasjon som ikkje berre kjempa i eigne lokalsamfunn, men som òg reiste rundt kor det var behov for dei og kampanjane deira. Solidariteten strekte seg utover det nære og kjente. I den mest kjente talen hans, ”I have a dream”, løfter han òg inn framtida og generasjonsperspektivet. Han kunne ikkje leve med at barna hans og andre barn skulle bli dømt ut frå hudfarge og ikkje ut frå karakter. Det sosiale arbeidet i slummen i Chicago som han dreiv med dei siste åra han levde viste ein solidaritet med dei som var i ein annan samfunnsklasse enn han og mange andre. Sjølv om dette arbeidet ikkje var like vellukka som kampen mot raseskiljet, viser det ein tanke om at me har eit ansvar for dei som er mindre heldige enn oss sjølve. Kritikken mot Vietnam-krigen viser at solidariteten hans strekte utanfor landegrenser og det som kanskje var mest politisk korrekt. Han vart fleire gonger skulda for å vere kommunist, men solidariteten er like mykje ein kristendemokratisk verdi.

Personalisme

«This personal idealism remains today my basic philosophical position. Personalism’s insistence that only personality – finite and infinite – is ultimately real strengthened me in two convictions: it gave me metaphysical and philosophical grounding for the idea of a personal God, and it gave me a metaphysical basis for the dignity and worth of all human personality.»

Martin Luther King var som de sikkert forstår av sitatet ovanfor uttalt personalist. Her snakkar han om den grunnleggjande ideen bak personalisme som idé. Eit konkret døme på bruk av personlismen finn me i boka Mitt liv med Martin Luther King skrive av enka Coretta Scott King. Her fortel ho om gudstenesta han talte på i St. Paul Cathedral i London:

”Elsk deg selv – hvis det er sunn egeninteresse,” sa Martin som konklusjon. ”…Det er livets lengde. Elsk din neste som deg selv. Det har du fått bud om å gjere. Det er livets bredde. Men glem aldri at det finnes et enda større bud. «Elsk Herre din Gud av hele ditt hjerte, av hele din sjel og av hele ditt sinn.» Det er livets høyde. Gud gi at vi fatter Johannes’ syn og streber med ukuelig lidenskap mot det fullverdige liv, der hvor lengde og bredde og høyde er like. Først da kan vi nå frem til vårt sanne vesen.”

Sjølv om teksten er utdrag frå ei preike i ei kyrkja, seier det noko viktig om Kings syn på menneske.

Korleis kan dette overførast til kristendemokratisk ideologi? Personalismen er eit menneskesyn som står sterkt i kristendemokratiet og skil seg frå kollektivisme og individualisme. Grovt sett kan me dele det personalistiske menneskesynet inn på same måte som King gjorde:

  • Lengda: Alle menneske har ein ukrenkeleg, ibuande verdi. Det kan ingen endre på. Denne verdien blir ikkje ulik etter etnisk opphav, legning, hudfarge, kjønn eller alder. Den er uavhengig av kva fellesskap me deltek i eller om me deltek i, om me er født eller ufødt. Ideane i kristendemokratisk ideologi fører likevel ikkje til eit individualistisk menneskesyn. Det vil på sikt krenke, minske eller relativisere verdien til andre om me berre skulle ta omsyn til oss sjølve.
  • Breidda: Kristendemokratiet anerkjenner at menneske er relasjonsvesen. Me treng andre rundt oss og må ha sjansen til å delta i både store og små fellesskap. Verdien av fellesskapet kan likevel aldri gå på kostnad av verdien til enkeltmenneske. Då vil det fort gå over i kollektivisme kor verdien av enkeltmenneske blir marginalisert.
  • Høgda: Menneske som både natur og ande er den tredje delen av personalismen. Det som gjer kristendemokrati spesielt som ideologi er ideen om at menneske står i relasjon til noko som er større enn dei sjølv.Bodet om å elske ”Herren din Gud av hele ditt hjerte” speler ei viktig rolle i liva til fleire av oss. Me er ikkje berre opptekne av materialisme og det handfaste, men òg det som er utanfor oss sjølv og fatteemna vår.

Trass i desse likskapstrekka må det seiast at King snakka mykje om å oppnå det fullkomne i preika. Erik Lunde kallar kristnedemokratisk ideologi eit forsvar for det ufullkomne samfunnet. Me må innsjå at menneske er ufullkomne og feilbarlege, og så lenge det er slik kan me heller ikkje oppnå eit fullkome samfunn.

Kva kan me lære av Martin Luther King i dag?

Det er hovudsakleg tre bodskap me kan trekke ut frå standpunkta og verdiane til King:

1)   Idealisme handlar ikkje om å vere utålmodig, men om å jobbe målretta og ta i bruk fredelege midlar. Å reformere kan føre til like gode resultat som å revolusjonere, og særleg om forrang for ikkjevald er ein verdi som blir haldt høgt.

2)   Solidariteten er uavhengig av gruppe, klasse og nasjonalitet. At ein solidaritet byggja på nestekjærleik er grenselaus kan ein sjå i handlingane og verdiane til King.

3)   Både lengda, breidda og høgda i livet er viktig å ta omsyn til. Det er det som heiter personalisme.

Kjelder: 

  • Lunde, E. 2014: Kristendemokrati – Et forsvar for det ufullkomne samfunnet, Frekk Forlag
  • King, C. S. 1970: Mitt liv med Martin Luther King, Cappelens forlag
  • King, M. L. 1959: My trip to the land of Gandhi
  • Ordtak.no: Vold, http://ordtak.no/sitat.php?id=5523
  • Sirevåg, T, 27.10.2014: Martin Luther King, https://snl.no/Martin_Luther_King

 

Bilete: Wikimedia.org

Først publisert på kristendemokratisk.no 17. mars 2016

Advertisements

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s