Det grøne eventyret

”Om me ikkje gjer noko med klimaendringane snart, vil…” er ein frase me ofte høyrer. Det me kanskje høyrer litt mindre om er kva me skal gjere. 

modern_windmills_at_sunset

Ein som prøver å forklare korleis me reagerer på det som blir sagt om klimaendringar er klimapsykolog Per Ein Stoknes. Eit punkt han trekkjer fram som negativt er å snakke om ”dommedag”. Det hjelper ikkje å innprente oss at verda kjem til å gå under. Enten vil me venne oss til det og tenkje: ”Dette har me høyrt før. Der kjem det igjen”, eller så unngår me dei som snakkar om det. Det som derimot hjelper er å kome med konkrete løysingar, vise til resultat og lage ei ny forteljing om Noreg kor klima- og miljøvennlege løysingar speler ei stor rolle.

Eg trur me må bruke synspunkta til Stoknes når me skal nå måla me har sett oss for utsleppskutt. Det handlar ikkje om å la vere å sjå realitetane i auga. Me skal kunne seie at om me ikkje gjer noko vil det gå ad undas, men me må kunne svare på kva me kan gjere for å unngå at det skal skje. I tillegg må me byrje å snakke i meir positive ordelag om det me kallar for ”det grøne skiftet”, og me må byrje å konkretisere uttrykket.

Å vise til positive resultat er kanskje enklare enn me skulle tru. Me treng ikkje sjå lengre enn til Tyskland. Energiewende har ført til at fornybar energi har blitt konkurransekraftig på linje med fossil energi, at det dei siste åra blitt skapt fleire jobbar innanfor fornybar energi enn innanfor fossil energi og at prisane for installeringssystemet til solceller falt med 66% frå 2006 til 2012. Om Tyskland klarer det, kvifor skal ikkje Noreg klare det?

På grunn av ulike forhold er det likevel ikkje berre lett å kopiere suksesshistoria til Tyskland. Det er stor usemje på kor stor effekt ein del alternativ har og om alt er like miljøvennleg eller ikkje. Me treng klare svar gjennom forsking på fornybare energikjelder og korleis me kan bruke desse på den beste og mest stabile måten. Kanskje hydrogenbilar vil vere dei mest brukte i framtida? Kanskje finn me ut at ”månelandinga” ikkje var ei krasjlanding likevel, men at det er eit poeng i å fange og lagre karbondioksid? Kanskje kan me klare å byggje fleire passivhus og utstyre dei med solceller slik at dei ikkje berre bruker mindre energi, men òg lager energi? Det er berre fantasien som set grenser for kva me kan forske på innanfor feltet.

Det eg kanskje synest er mest spennande av alt, er å lage ei ny forteljing om Noreg. Etter andre verdskrig fortalte Einar Gerhardsen ei forteljing om korleis landet skulle byggast opp igjen og korleis Noreg skulle oppleve økonomisk vekst, betre levevilkår og auka velferd. No er det på tide å lage ei ny forteljing, og den bør vere grøn. Når det er snakk om nye løysingar og nye prosjekt, uansett sektor og fagområde, bør det vere ein refleks i oss alle som seier: ”Korleis kan me tenkje miljø inn i dette?”. No tenkjer me olje i alt, men det er lite framtidsretta. Forteljinga om oljeeventyret må bli lagt bak. Den nye fortelkinga skal handle om grøn økonomi, grøn transportsektor, grøne lokalsamfunn, grøne utdanningsinstitusjonar, grøn forsking og grøne arbeidsplassar.

Noreg må lage eit grønt eventyr som kan engasjere og gje ungdommar ei optimistisk framtidstru. Det gjer me ikkje ved å snakke om problemet utan å nemne resultata og løysingane.

 

Bilete: Wikimedia.org

Først publisert på Verdidebatt.no 14. mars 2016

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s