Det er kanskje vanskeleg å tru, men i Noreg har me i praksis offentleg finansierte bordell, og myndigheitene veit om det. Kor lenge kan me sitje stille å sjå på at menneske blir selt som handelsvare i bakgarden vår?
Menneskehandel er av mange blitt kalla det moderne slaveri, og det er det gode grunnar til. Omgrepet slaveri viser ikkje berre til at menneske blir redusert til ei salsvare, men det rettar òg merksemda mot den grove utnyttinga som førekjem. I følgje FN er det mellom 25 og 27 millionar offer for menneskehandel på verdsbasis. Det betyr at det aldri har vore så mange slavar i verda som det det er no. Gjennomsnittsalderen på slavane er tolv år, og berre ein til to prosent av dei blir redda. Tala er vanskelege å ta innover seg, og det trass i at det moderne slaveriet er overalt. Me kan ikkje sjå på filmar som ”12 years a slave” og tenkje at det er noko forhistorisk som skjedde i USA på 1800-talet. Slaveriet skjer no, og det skjer rett utanfor dørene våre.
Menneskehandel har etterkvart blitt ein lønsam industri for bakmennene. Det er den kriminelle industrien som veks raskast av alle. Våpen eller narkotika kan du berre selje ein gong, men eit menneske kan du selje om igjen og om igjen. Og om igjen. Kyniske bakmenn nyttar andre menneske som eit middel for å tilfredsstille kundar som er villige til å betale, og kundane igjen ser ikkje ut til å bry seg om at dei som utfører tenesta lever i umenneskelege forhold. Kjernen i det moderne slaveriet er krenking av menneskeverdet. Det er nok ukunne og likegyldigheit der ute til å skape ein marknad for menneske som handelsvare.
Det er hovudsakleg to utfordringar i kampen mot menneskehandel: Den første er at det er vanskeleg å redde offera. Den andre er at bakmennene sjeldan blir oppdaga eller stilt for retten og dømt. I Noreg har me ei refleksjonsordning som er eit lågterskeltilbod for potensielle offer for menneskehandel. Dei som blir med i refleksjonsordninga får seks månadars midlertidig opphaldsløyve i tillegg til bustad og støtte frå NAV i kommunen dei oppheld seg i. Refleksjonsperioden skal først og fremst føre til at offera bryt med miljøet og gjere det lettare å kome seg ut av slaveriet. Ordninga skal òg opne for at dei kan gi informasjon som fører til at bakmennene blir straffeforfølgt. På den måten prøver refleksjonsordninga å svare på begge utfordringane.
Dei fleste stadene i Noreg oppheld offera seg på krisesenter dei seks månadane i refleksjonsperioden. I Oslo derimot får dei gratis leilegheit og over 6000 kroner i månaden. Tilbodet er gunstig, men dessverre med lite oppfølging, noko som har ført til at bakmenn i Spania og Italia sender unge, nigerianske kvinner til Noreg for å søke om refleksjon og bu i leilegheitene til NAV Grünerløkka. Etter at dei har kome inn i ordninga byrjar dei å selje sex frå bustaden.
Ei refleksjonsordning er ikkje feil i seg sjølv Group of Experts on Action against Trafficking in Human Beings (GRETA), som skal overvake at dei som har ratifiserte Europarådets konvensjon om tiltak mot menneskehandel følgjer opp, tilrår refleksjonsordning som eit tiltak. Så lenge det fungerer slik det skal vil det kunne redde mange ut av det moderne slaveriet. Difor er situasjonen i Oslo sørgjeleg med tanke på at offentlege midlar går rett i lommene på bakmennene og dermed finansierer utnytting av andre menneske.
Heldigvis finst det løysingar. Til dømes kan Oslo i likskap med andre stader i landet i auka grad ta i bruk krisesenter. Oppfølginga av offera vil då gå frå å bestå av umelde besøk i leilegheitene til ei døgnbemanna teneste. Lauras hus og ROSA-prosjektet er tiltak med god kompetanse på området. Ved å tilby føreseielege finansieringsordning og legge til rette for auka bruk av desse institusjonane, kan fleire offer for menneskehandel få den hjelpa dei treng for å kome seg ut. ROSA-prosjektet har òg kome med forslag om blant anna å innføre pliktar og krav for offera som skal følgjast opp under refleksjonsperioden.
Sjølv om det finst løysingar, er det lite som har blitt gjort. Både politiet, justisdepartementet og NAV har blitt informert om kva som skjer, men tiltaka lar vente på seg. Statssekretær i justisdepartementet, Ove Vanebo, sa på Dagsnytt atten 7. april: ”Det som skjer i disse dager er at vi må finne ut hvordan vi skal evaluere ordningen for å finne ut hva vi skal gjøre for da å finne kriterier og andre ordninger for å få denne utsilingen av disse som misbruker ordningen.” Spørsmålet er: Kva meir skal me finne ut? Kva meir skal evaluerast? Me har klare indikasjonar på at ordninga blir misbrukt, og me har fleire fagpersonar som seier det same: Løysinga er betre oppfølging og fleire pliktar og krav.
Det er flaut å vite at det offentlege er med på å finansiere ein industri som held mellom 25 og 27 millionar som slavar. Om me skal klare å gjere noko med det moderne slaveriet er det handling og ikkje apati som hjelper.
Bilete: Flickr
Først publisert på Verdidebatt 12. april 2016