Kva om Amar var ei norsk jente?

Me må våge å setje oss sjølv i flyktningane sin situasjon. Viss ikkje blir debatten kald og kjenslelaus. 

2013-02-16_-_wien_-_demo_gleiche_rechte_fur_alle_refugee-solidaritatsdemo_-_refugees_are_human_beings-2

”Now imagine she’s white”. Dette er truleg ein av dei mest verknadsfulle og tankevekkjande replikkane i filmen Time to kill. Advokat Jack Tyler Brigance forsvarer Carl Lee Hailey, ein farga mann som har drepe mennene som valdtok dottera. I sluttprosedyren sin fortel Brigance det som tilsynelatande er historia om ti år gamle Tanya som, på veg heim frå matbutikken, vart valdteken, slått og urinert på. Alt tek ei anna vending når han tek ein liten pause og avsluttar med orda ovanfor: ”Now imagine that she’s white”.

Ho er ni år og har allereie reist i ein båt over havet for å kome unna krig og konflikt. I den båten sat det åtti andre med same føremål. Broren hennar er død, og i byen ho kjem frå er det krig. Først flykta dei til eit naboland, og derfrå reiste faren vidare. No reiser ho og resten av familien etter. Det ho drøymer om er å få treffe faren igjen. Dette er historia til Amar frå Homs i Syria. Kva om personen som hadde fortalt denne hadde avslutta med: ”Sjå for deg at dette er ei norsk jente”? Kva om Amar var ei norsk jente? Slike spørsmål må me tørre å stille i asyl- og flyktningdebatten.

Dessverre møter bruk av enkelthistorier som dette ofte motargument som: ”Asylpolitikk må byggje på realisme og ikkje kjensler”. ”Me kan ikkje redde alle uansett”. ”Å trekke fram enkelthistorier er å dekke over fakta”. Det verkar som om mange har ei oppfatning av at det er umogleg å trekke fram enkelthistoriene og samstundes vere oppteken av realitetane.

Asyl- og flyktningdebatten er i stor grad prega av eit fokus på kostnadar og statistikk. Kor mykje kostar ein flyktning oss? Kor mange kom over grensa i veke tre? Kva vil det koste velferdssamfunnet å ta i mot fleire tusen over fleire år? Eg seier ikkje at det er noko gale ved å diskutere det. Me treng tala, og me må vite kor mykje det kostar å ta i mot flyktningar for å kunne lage forsvarlege budsjett som står i forhold til situasjonen. Men me kan ikkje la debatten vere prega av dette aleine. Då vil den bli kald og kjenslelaus.

Av og til må me difor ta eit steg tilbake og setje oss inn i enkelthistoriene der ute. Me må våge å spørre: ”Kva om det var oss? Kva om Amar var ei norsk jente på ni år?” Det er ubehageleg å tenkje på, og svaret på spørsmålet gir oss eit ansvar for å vere med å skape moglegheiter for andre enn berre norske barn. ”Now imagine she’s white”

(Historia om Amar: http://flyktninghjelpen.no/?did=9212544#.VsWaA-lZ0bM)

Bilete: Wikimedia.org

 

Først publisert på Verdidebatt.no 18. februar 2016 og i Vårt Lands papiravis 20. februar 2016

Advertisement

One thought on “Kva om Amar var ei norsk jente?

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s