Om å rive ned murar

”Tear down this wall”, sa Ronald Reagan då han haldt tale i Berlin i juni 1987. Vil dagens politikarar tørre å seie det same når Europa igjen blir delt av murar?

thefalloftheberlinwall1989

Eg er dessverre for ung til å ha opplevd dagen då den aust-tyske politikaren Günther Schabovski ved ein feil erklærte at dei nye reglane om privatreiser frå Aust-Tyskland til utlandet skulle tre i kraft ”straks”. Det at han hadde stadfesta at utlandet òg omfatta Vest-Berlin førte til at fleire aust-tyske innbyggjarar på kvelden stod framfor grenseovergangen mellom Aust- og Vest-Berlin og ropte: ”Tor auf! Tor auf!” Vaktane innsåg etter kvart at dei ikkje kunne halde grensa stengt lengre, og innan 00.02 på natta var samtlege grenseovergangar mellom aust og vest opna. 9. november 1989 har i ettertid blitt ståande som dagen då Berlin-muren falt.

Berlin-muren har i ettertid blitt ståande som eit symbol på ideologiske og politiske konfliktar under den kalde krigen, konfliktar som i ettertid har fått store konsekvensar. Dette er likevel ikkje det einaste dømet på murar som har blitt bygga for å skilje statar, folkegrupper og menneske frå kvarandre. Barrieren Israel har bygga på Vestbredden har blitt hyppig diskutert både nasjonalt og internasjonalt, medan det i Afrikas siste koloni, Vest-Sahara, er bygga ein 2200 kilometer lang mur som deler landet i to. Mest berømt er kanskje muren Trump planlegg på grensa mellom USA og Mexico. Fysiske murar som dei nemnte vil nesten alltid undertrykke minst ein av dei involverte partane, og det kan ha store konsekvensar for utviklinga i eit område eller ein stat. Det vi ikkje må gløyme er at like djuptgripande er dei ”usynlege” murane me bygg mellom folkegrupper, religionar og statar. Murar som ein ikkje kan sjå med det blotte auget, men som bidreg til å dyrke skilnadar og auke avstandar.

Ein god del vil hevde at det som kanskje har rive ned flest usynlege murar er opprettinga av EF, no kalla EU. Ideen bak er bra: Eit sterkt europeisk samarbeid på tvers av landegrenser. Ingen kan heller underkjenne at EU har hatt ein posisjon som samarbeidsarena og brubyggjar. Trass i dette blir ofte resultatet av den praktiske politikken detaljstyring frå byråkratiet i Brüssel, og dette overskuggar for mange dei positive sidene. Mannen på gata merkar meir til inngripande direktiv enn samarbeidet om dei store politiske spørsmåla, noko som naturleg nok vekker skepsis til heile prosjektet.

Det er denne skepsisen nasjonalistiske parti i Europa har appellert til når dei har gått til val. Ved EU-valet i 2014 vart Front National i Frankrike landet største parti i EU-parlamentet med 25% av stemmene. Det paradoksale er at partiet eigentleg er motstandarar av EU. I likskap med UK Independence Party, Sverigedemokratane, Sannfinnane og Dansk Folkeparti meiner Front National at landet no er best tent med å melde seg ut og byrje å tenkje på eigne interesser. ”No er det vår velferd som gjelder, det me er interessert i. No er det slutt på at me skal bli styrt frå Brüssel”. Ikkje minst markerer alle partia seg som sterkt innvandringskritiske.

Om slike parti veks seg sterke nok, kan det bli byggja høge murar mellom statane i Europa og mellom Europa og resten av verda. Det er ikkje snakk om fysiske murar, men om mindre vilje til å føre diplomatiske samtalar og inngå avtalar med andre statar. Det er snakk om færre opne grenser og mindre ansvarskjensle for det som er utanfor eigne landegrenser. Når verdssamfunnet har store utfordringar som klimaendringane og flyktningkrisa, blir risikoen for at ein slik tankegang får fleirtal endå tydelegare. I verste fall vil den føre til at utsette grupper og klimaet vårt blir ofra til fordel for interessene til velståande statar.

Eg har ikkje det same romantiske forholdet til EU som mange liberale politikarar har. Eg trur ikkje på utopiar og det perfekte samfunn. På mange EU-forkjemparar høyres det ut som om Europa og verda vil bli perfekt om me berre sett heile ideen om samarbeid, diplomati og demokratiske verdiar ut livet, om me berre opnar alle grensene og lever i fred og harmoni med kvarandre. Det er dessverre ikkje slik det fungerer. Statane vil alltid ha ulike interesser, og fullstendig opne grenser ville vore vanskeleg å handtere. Fridommen til nokre vil ein gong gå utover fridommen til andre i eit slikt samfunn. Likevel spør eg meg sjølv: Kor vart det av den europeiske draumen? Kor vart det av tanken om å gjere det beste ut av det? Kor vart det av tanken om ein gylden middelveg? Det er eit hav av skilnad mellom å oppretthalde grenser og å byggje murar.

Det er omdiskutert kor stor innverknad talen til Ronad Reagan hadde på Berlin-murens fall 9. november 1989. Truleg var det ikkje den talen Günther Schabovski tenkte på då han utan å ville det var årsaka til at alle grensene mot Vest-Berlin vart opna i løpet av kvelden. Likevel veit me at Reagan trassa råda til vest-tyske styresmakter då han leverte ein tale nesten ingen forventa. Me treng framleis politikarar som tørr å seie: ”Tear down this wall”, men kanskje endå viktigare: Me treng politikarar som tørr å seie: ”Ikkje bygg denne muren”.

 

Bilete: Wikimedia.org

Først publisert på Verdidebatt.no 12. mai 2016

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s