Demokratiet er ikkje berre til pynt. Me reknar med at statsleiarar i demokratiske statar skal snakke sant
Innlegg frå Facebooken min skrive 22. januar 2017:
I følgje Donald Trump var det mellom ein og halvannan million tilstade då han vart innsett som president.
New York Times har kome fram til ca. 200.000, og andre media seier 250.000. Ein viss skilnad?
Så er det så farleg å snakke usant om kor mange som var der under ei presidentinnsetjing? Det handlar jo ikkje om død eller liv, eller kva?
Eg vil påstå at det er ein veldig farleg tendens når ein statsleiar skal byrje å pynte på sanninga på den måten. Eg får assosiasjonar til diktatorar som meiner dei har fått nærmare 100% oppslutning ved eit val, som pyntar på tala for å framheve seg sjølv.
Det er så mange som seier at me må vente med å dømme Trump til me ser kva han gjennomfører av politikk, men det meiner eg er feil. Når han kjeftar på media for at dei driv med gravejournalistikk om han, når han bruker feil tal og gjennom presserådgjevaren seier at det er “alternative fakta”, då leiker han med dei demokratiske spelereglane.
Politikk handlar ikkje berre om vedtak og konkrete tiltak. Det handlar òg om verdiar. Demokratiet er ikkje berre til pynt. Me reknar med at statsleiarar i demokratiske statar skal snakke sant, og når dei ikkje gjer det tøyer dei strikken for kva som er greit å gjere og ikkje gjere.
Eg håpar me les kritiske og djuptdukkande artiklar i media, at me prøver å skilje mellom “fleip og fakta” (sjølv når det er presidenten i verdas mektigaste land som kjem med opplysningar) og at me er på vakt.
Me får håpe det går betre enn det ser ut til å gjere.
Bilete: Wikimedia