Sjølv om Sylvi Listhaug fiskar veljarar på KrFs territorium, må me våge å kritisere henne.
Etter at Sylvi Listhaug blei innvandrings- og integreringsminister i desember 2015, har det vore fokus på konkurransen mellom henne og KrF om dei kristne veljarane. Tidlegare Vårt Land-redaktør, Helge Simonnes, uttalte til Minerva i januar at konstitueringa av Torkil Åmland som statssekretær kan vere eit forsøk på å få eit endå betre fotfeste hos karismatiske kristne. Det er ikkje rart at mange KrF-arar synest det er urovekkande kor god kontakt det ser ut til at Sylvi Listhaug har med enkelte kristne miljø på Sør- og Vestlandet. Om Sylvi Listhaug kaprar for mange veljarar i denne delen av landet, ser det fort mørkt ut for både utjamningsmandat og to kandidatar på Stortinget frå Hordaland og Rogaland.
KrFs taktikk i haust og på nyåret har vore å halde seg stille i båten og ikkje seie så mykje om innvandrings- og integreringspolitikk. Med nokre få unntak har det vore lite kritikk å høyre frå stortingsgruppa. Dette trass i at Listhaug har kome med fleire utspel som står i sterk motsetning til verdiane til KrF.
KrFs taktikk har vore å halde seg stille i båten og ikkje seie så mykje om innvandrings- og integreringspolitikk
KrF har mykje god innvandrings- og integreringspolitikk, som til dømes når det gjeld å ta imot kvoteflyktningar og lage gode ordningar for lengever-ande asylbarn. Vi må berre våge å vise det fram.
Å kapitulere
Det er fleire grunnar til at KrF ikkje burde frykte Sylvi Listhaug, men tvert imot både kritisere henne og vere tydelege i innvandrings- og integreringspolitikken. For det første vil det å dempe eigen politikk på området vere eit signal om at ein allereie har tapt. Viss veljarane skal tru på at KrF kan utgjere ein skilnad i politikken, må vi ha tru på det sjølv.
For det andre må vi tydeleggjere skilnadane mellom KrF og Frp. Eg håpar aldri vi kjem i den situasjonen at ein veljar tenkjer at han får same innvandringspolitikk om han stemmer KrF eller Frp.
No må KrF slutte å vere redde for Sylvi Listhaug og heller byrje å kritisere henne og det ho står for
For det tredje vil det å sitje stille i båten og meine så lite som mogleg vere å gjere oss irrelevante i ein av dei største debattane i Norge. Veljarane er opptekne av innvandrings- og integreringspolitikk. Då må òg vi i KrF vise at vi er opptekne av dette. Den beste måten å gjere seg relevant i ein debatt på er å ha sterke meiningar og utfordre andre politiske parti.
Ikkje oppe til forhandling
For det fjerde handlar det om kva verdiar KrF står for. Innvandrings- og integreringspolitikken er ikkje eit felt vi kan ta oss råd til å tenkje strategi på. Det ville vere å fjerne politikken frå grunnverdiane til partiet. Jon Lilletun skreiv: «Ein solidaritet som byggjer på nestekjærleik er grenselaus. Han gjeld alle menneske, frå lokalsamfunnet til verdssamfunnet, både levande og komande generasjonar.»
Nestekjærleik er ein verdi vi aldri kan forhandle bort for å få fleire veljarar. Vi kan ikkje tenkje på kor mange karismatiske kristne frå bibelbeltet som vil stemme KrF eller om vi kjem over eller under sperregrensa. Det er menneske dette handlar om.
No må KrF slutte å vere redde for Sylvi Listhaug og heller byrje å kritisere henne og det ho står for. Viss ikkje er eg stygt redd for at både veljarane og verdiane våre blir borte.
Bilete: Wikimedia
Først publisert på Verdidebatt og i Vårt Lands papiravis 18. februar 2017.