K O N S T A N Z!

Det blir nok ikkje berre politikk på denne bloggen framover. Grunnen? Til hausten reiser eg på utveksling til Konstanz i Tyskland. 

konstanz_imperia_01

Mest sannsynleg i alle fall. Eg har fått plass på avtalen Unstitutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo har med Konstanz. Eg må framleis få svar frå universitetet, men det høyrer til å gå greitt i boks.

Eg har drøymt om å reise på utveksling i mange år. Først tenkte eg på USA. USA er jo alltid bra, særleg på utdanning. Men så var det dette med skulepengar og lang reiseveg. I tillegg reiser “alle” til USA. Og så har dei ein heilt psycho president (sterke ord, men på sin plass). Etterpå tenkte eg på England. Litt mindre reiseveg, men framleis ein stad “alle” reiser til. I tillegg verka det kanskje litt kjedeleg? Ja, og så liker eg ikkje te.

Eg veit ikkje heilt kor tid det var eg byrja å tenkje på Tyskland, men det var i alle fall det eg landa på til slutt. Eg kan tysk (skuletysk), og eg har vore i Tyskland eit par gonger. Det verka greit. I tillegg har Tyskland mange fine byar, Angela Merkel og Die Mannschaft. Kult land.

Eg gler meg. Håpar de vil følge prosessen fram til eg reiser, og ikkje minst sjølve utvekslingsopphaldet, her på bloggen.

Tschüss.

Bilete: Wikimedia

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s