Eg er feminist

Jeg ønsker ikke at kvinner skal ha makt over menn, men over seg selv” skreiv den britiske forfattaren Mary Wollstonecraft. Dette oppsummerer på mange måtar kvifor eg kallar meg feminist.

Grunnen til at eg har valt å kalle meg feminist er enkel: Eg kjemper for like rettar og moglegheiter for begge kjønn. Det er dette eg vil at skal vere knytt til omgrepet. Mange nøler med å bruke det om seg sjølv fordi dei er usamde i nokre av sakene feministar har kjempa for opp igjennom. Men om me let berre dei me er usamde med  kalla seg feministar blir omgrepet endå meir snevert og færre og færre vil bruke det om seg sjølv. Eg vil ha eit utvida feministomgrep fleire kan relatere seg til. Som Justin Trudeau sa på World Economic Forum i 2016: ”We shouldn’t be afraid of the word feminist. Men and women should use it to describe themselves any time they want.”

Eg er feminist fordi eg er lei av korleis jenter og kvinner blir hetsa i kommentarfelt og i lukke Facebook-grupper. Det har vore fleire saker i media om korleis kvinner har fått gjennomgå på sosiale media etter å ha ytra seg i det offentlege rom. Det stoppar heller ikkje her, for når dei som hetsar blir konfrontert med det kjem unnskyldninga om at dei sat og drakk pils og ”jazza med gutta”.

Hadde eg kome frå eit anna land er det ikkje ein gong sikkert at eg hadde blitt født fordi eg er ”feil” kjønn. Ein har rekna ut at om lag 100 millionar jentar ikkje er fødd berre fordi dei er jenter

Eg er feminist fordi eg er lei av russelåter som berre handlar om  jenter som seksuelle objekt. Når det blir påpeikt kva songen handlar om, kjem det alltid ein kommentar om at det berre er for gøy. Sjølvsagt er det ikkje meint slik. Dei kan jo prøve å seie det til dei russejentene som blir valdtekne på russetreff kor desse songane ljomar frå høgtalarane.

Eg er feminist fordi eg meiner at det ikkje berre er kvinner som skal tilpasse seg arbeidslivet, men arbeidslivet som i større grad må tilpasse seg kvinner. Unge kvinner som søker jobbar risikerer å få spørsmål knytt til familieplanlegging og graviditet. Dei opplever å bli diskriminert av arbeidsgjevarar og få avslag på søknadar fordi det blir sett på som risikabelt å tilsette dei som har planar om å stifte familie og dermed bli borte frå jobben over ein lengre periode. Slike haldningar til kvinnelege arbeidstakarar fører til at kvinner i større grad enn menn må velje mellom familie og karriere. Diskrimineringsundersøkinga frå 2015 viser at 55% av kvinnelege arbeidstakarar har opplevd ein eller fleire former for diskriminering knytt til graviditet og foreldrepermisjon. Det viser at det trengs haldningsendringar i norsk arbeidsliv.

Eg er feminist fordi skilnadane mellom moglegheitene til kvinner og menn er store på verdsbasis. Hadde eg kome frå eit anna land er det ikkje ein gong sikkert at eg hadde blitt født fordi eg er ”feil” kjønn. Ein har rekna ut at om lag 100 millionar jentar ikkje er fødd berre fordi dei er jenter. Sjølv om sjansen for at eg hadde fått byrje på skulen om eg vart født i eit anna land er langt større no enn før, hadde eg kanskje etterkvart blitt ein av dei 34 millionar jentene mellom 12 og 15 år som ikkje får gå på ungdomsskulen. Det kan vere eg hadde slutta på skulen fordi eg hadde blitt gifta bort, fått barn eller blitt utsett for vald. Dette er tilfellet for mange jenter i utviklkingsland. Å vere feminist handlar om solidaritet med dei som ikkje har vore like heldige som meg. Det handlar om å sjå at sjølv om me ikkje er i mål i Norge har kampen så vidt starta i andre deler av verda.

Akkurat som at menn ikkje alltid treng å vere samde med andre menn fordi dei er same kjønn gjelder det same for kvinner

Sist, men ikkje minst er eg feminist fordi kvinner ikkje alltid treng å vere samde med andre kvinner. Her meiner eg at òg mange feministar har ein veg å gå. Parolemøtet i Oslo i 2016 skapte store medieoppslag etter ein diskusjon om sexkjøpslova. Det var opplese og vedteke at er du kvinne kan du ikkje vere mot sexkjøpslova. Sjølv er eg for sexkjøpslova, men eg meiner at kvinner har like stor rett til å vere usamde med meg som menn i denne saka. Akkurat som at menn ikkje alltid treng å vere samde med andre menn fordi dei er same kjønn gjelder det same for kvinner. Lena Dunham har sagt: ”A huge part of being a feminist is giving other women the freedom to make choices you might not necessarily make yourself.” Ein stor del av å vere feminist er å la andre kvinner få lov til meine det du ikkje nødvendigvis meiner sjølv. Me er ikkje først og fremst kvinner, men heile menneske med ulike meiningar og oppfatningar.

Eg håpar fleire og fleire vil bli komfortable med å kalle seg feminist. Eg håpar at me saman kan vise at det feminisme eigentleg handlar om er like rettar og moglegheiter for begge kjønn og at kvinner på lik linje med menn skal ha makt over seg sjølv. Det er difor eg er feminist.

 

Bilete: Livetblantdyrene.no

Først publisert på verdidebatt.no 7. mars 2017

Advertisements

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s