Eg er lei av å bli avvist med kommentaren “eg trur eigentleg me er einige”

Det kjennest på mange måtar ut som ein hersketeknikk.

17342933_1330930840325041_8255378831795613586_n

Viss eg uttrykker at eg er ueinig med nokon, er det ikkje sjeldan eg får denne kommentaren tilbake: «Eigentleg trur eg me er ganske einige».

Dette er ein useriøs måte å imøtegå mine argument på.

«Har lest. For meg ser det ut som om vi er ganske enige», skreiv ein politisk kommentator til meg på Twitter ein gong.

Tidlegare same dag hadde eg kommentert eit innlegg han la ut, der eg uttrykte at eg var ueinig i ein god del av det han skreiv. Kommentaren min var lang og gjennomarbeida, og eg brukte ganske lang tid på å skrive den i håp om at han skulle svare på argumenta mine.

Då var det frustrerande å få tilbake at «for meg ser det ut som om vi er ganske enige».

Eg kan framleis ikkje forstå korleis ei slik tolking er mogleg.

 

Føler meg mindreverdig

Seinare har eg opplevd det fleire gonger, og eg har begynt å merke det meir enn før når folk reagerer slik på det eg seier. Det er ikkje sjeldan at kommentaren «me er eigentleg einige, eg og du» blir følgt opp med ei forklaring på kva eg har misforstått.

Det er som om dei tenkjer at berre dei får forklart meg kva ei sak eigentleg handlar om, så vil eg opne auga og forstå at eg eigentleg er einig med dei.

Resultatet blir at eg føler meg som ein mindreverdig debattant som ikkje har rett til å kome med eigne argument.

Eg forstår det kan vere lett å svare slik på eit argument. Dårleg tid eller lite interesse for saka kan gjere det til ein enkel utveg.

Dette gjer det likevel ikkje betre for den som har prøvd å kome med gode argument og vil vere med i diskusjonen.

 

Kjenner på motvilje

Å få høyre at eg eigentleg er einig med nokon, når det er veldig tydeleg for meg at eg ikkje er det, kjennes på mange måtar ut som ein hersketeknikk.

Når dei i tillegg vil forklare meg kvifor me eigentleg er einige, kjenner eg på ein endå større motvilje.

Kvifor skal ikkje mine argument bli møtt med motargument? Kvifor trur dei at dei kan forklare meg kvifor eg er einig med dei?

Når personar av eigen fri vilje melder seg på i den offentlege debatten, skuldar me dei å behandle dei som likeverdige debattantar med gode argument.

Ingen debattantar vil bli møtt med påstandar om falsk einigheit

Gode argument skal igjen møtast med gode motargument. Ingen debattantar vil bli møtt med påstandar om falsk einigheit eller at dei ikkje forstår saka.

Alle som er med i den offentlege debatten, har eit ansvar for å unngå slike hersketeknikkar.

Først publisert i Aftenposten papiravis og på Aftenposten.no 13. mars 2017

Bilete: Illustrasjon frå Aftenposten

Advertisement

Kommenter

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s